Hopp til innhold

Se Løvstakken mot Voss på NRK.no

Denne sesongen skal NRK Hordaland følgje Løvstakken fotballklubb. Sjå kampen mot Voss direkte klokka 13.00.

Sjå kampen mellom Løvstakken og Voss direkte

Løvstakken fotballklubb har rykka opp kvart år sidan klubben vart starta.

Klubben spelar 4. divisjon avdeling 2. Her møter dei mellom anna Gneist, Loddefjord, Osterøy og Voss. Dette er store breddeklubbar med langt fleire medlemmar.

Forsøkt «kapra»

Suksessen til kompisgjengen fra Bergen vest har blitt lagt merke til i bergensfotballen.

Fleire store breddeklubber som ikkje spelar like høgt oppe i divisjonssystemet har meldt si interesse for samanslåing, for dermed å kunne overta Løvstakkens plassering i 4. divisjon.

Tilboda som kom vart vurdert av klubben, men i frykt for at dette ville øydeleggje kameratskapet og klubbens identitet, har Løvstakken takka nei til alle tilbod.

Eigen nettserie

Denne sesongen skal NRK Hordaland følgje Løvstakken gjennom nettserien "Stakken". Gjennom serien kan du bli betre kjent med kompisgjengen som har gått parademarsj gjennom divisjonssystsemet.

Etter siste serierunde 25. oktober håpar kompisgjengen på å vera i toppen av tabellen.