Hopp til innhold

Kaller buss for fly streikebryteri

Norwegian set inn buss for fly for passasjerar mellom Bergen og Oslo. Vestnorsk Transportarbeiderforbund reagerer sterkt og vurderar no sympatistreik.

Norwegian set inn buss for fly for passasjerar mellom Bergen og Oslo. Vestnorsk Transportarbeiderforbund reagerer sterkt og vurderar no sympatistreik.

BUSS FOR FLY: Norwegian set inn buss for fly for passasjerar mellom Bergen og Oslo.

Passasjerar som hadde bestilt flyreise med Norwegian frå Bergen til Oslo i dag, måndag, fekk sundag ein tekstmelding om alternativ transport frå Flesland i dag klokka 11:00.

Anne Bugge

TAR BUSS: Anne Bugge valte i dag å ta imot tilbodet frå Norwegian, og tok buss frå Flesland til Oslo.

Foto: Kjetil Rydland

Berre fire på bussen

– Eg fekk tilbod i går kveld om å ta buss for fly til Oslo i dag. Så eg hadde god tid å førebu meg, seier Anne Bugge.

Ho er ei av fleire som har fått tilbod frå Norwegian om å ta buss for fly i dag. Berre fire passasjerar takka ja til tilbodet måndag føremiddag.

– Eg veit ikkje når flytrafikken kjem i gang igjen, men med buss har eg moglegheit til å vere på plass i Oslo i morgon tidleg, seier Bugge.

– Ønskjer å vere til hjelp

– Fire bussar er sett opp til reisande som vil til Oslo frå Bergen i dag. Er det behov og tilgjengelege bussar, set vi inn fleire, seier Karl Peter Gombrii, presseansvarleg i Norwegian.

Norwegian buss for fly

ALTERNATIV TRANSPORT: Reisande frå Bergen til Oslo fekk melding om at Norwegian hadde sat opp buss som alternativ transport.

Foto: Privat

Storparten av Norwegian-avgangane er kansellerte grunna storstreiken. Frå Bergen er det berre fire av totalt 25 avgangar som har status som «i rute».

– Prøver å avgrense konsekvensane

Roger Moum

– STREIKEBRYTING: Roger Moum, leiar i Vestnorsk Transportarbeiderforening seier dei vil vurdere å ta ut bussjåførar i sympatistreik.

Foto: Tale Hauso / NRK

Leiar i Vestnorsk Transportarbeiderforening, Roger Moum, kallar tilbodet forkasteleg.

– Så lenge Norwegian sjølv arrangerer desse alternative turane, ser eg dette som streikebryting, seier Moum til NRK.

– Norwegian er i streik, pilotane streikar for sine løn- og arbeidsvilkår og då er det klart at det får konsekvensar for flytrafikken. No prøver Norwegian å avgrense ein del av desse konsekvensane, ved å starte opp med ein annan type transport, seier Moum.

Han seier at forbundet vil vurdere å ta ut bussjåførar i sympatistreik om busstilbodet frå Norwegian får eit større omfang.

Norwegian: – Er på trygg juridisk grunn

I Norwegian blir det kontant avvist at busstilbodet er streikebryting.

– Hadde vi brukt bussjåførane til å fly Norwegian Air Norway (NAN) sine fly som erstatning for pilotane, så hadde det vore noko anna. Samtlege av NAN sine fly står parkert, og vi nyttar verken bussjåførar eller eksterne pilotar til å fly dei. Dette er ikkje streikebryting og vi er på trygg juridisk grunn her, seier Gombrii.