Hopp til innhold

Kallar politiet inn på teppet

Byrådet i Bergen er uroa etter at politiet har fått mykje kritikk for etterforsking i saker som omhandlar barn.

Martin Smith-Sivertsen

KALLAR INN POLITIET: Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen vil møta politileiinga for ei orientering, etter mykje kritikk for etterforsking i ei alvorleg overgrepssak i Bergen.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Torsdag har byrådet bestemt å kalle politileiinga inn til eit møte, skriv Bergensavisen.

– Vi er uroa for politiet då det den siste tida har vore ei rekkje saker som dei har fått kritikk for, seier byråd Jana Midelfart Hoff for skule og barnehage i Bergen til avisa.

Akkurat no går føre seg det etterforsking i ei større overgrepssak i Bergen. Ein mann i 40-åra er sikta for seksuelle overgrep mot sju jenter under ti år.

Kritikk for lang etterforsking

I denne saka har politiet fått kraftig refs frå fleire hald etter at det vart kjent at dei brukte 16 månadar på å gjennomgå grove overgrepsbilete.

Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs seier til Bergensavisen i dag at ventetida har vore svært belastande for foreldre, som i vinter har blitt kontakta av politiet med beskjed om at døtrene deira er utsett for grove overgrep.

Også i Monika-saka har det som kjent storma rundt politiet. I tillegg har Spesialeininga etterforska politiet etter at ein 15-åring ringde naudtelefonen tre gonger utan at nokon rykka ut.

Vil ha ei orientering

Ein 22 år gamal mann vart seinare dømd til forvaring for valdtektsforsøk på den 15 år gamle guten.

NRK får bekrefta at byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen ønskjer eit møte med politiet etter kritikken i media den siste veka, i forbindelse med overgrepssaka der ein mann i 40-åra er sikta.

– Eg ønskjer ei orientering om overgrepssaka som no blir omtalt i media. Eg er oppteken av reaksjonstida til politiet og måten dei kommuniserer med innbyggjarane i Bergen på, seier Smith-Sivertsen til NRK.

Når møtet vil finna stad er ikkje avtalt enno.