NRK Meny
Normal

No vil dei diskutere problema med modølene

Utkoplinga av fasttelefonen i Modalen har ikkje gått heilt slik rådmann Øivind Olsnes og innbyggjarane hadde håpa. No kallar både Telenor og BKK inn til møte.

Rådmann Øivind Olsnes

KALLA INN TIL MØTE: Telenor har kontakta rådmann Øivind Olsnes i Modalen kommune. Dei vil diskutera problema kommunen har hatt etter at dei kopla ut fasttelefonen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor

VIL DISKUTERE PROBLEMA: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Foto: Thomas Sommerset / NRk

– Eg har i dag tatt kontakt med rådmann og ordførar, og har bedt om eit møte. Der skal vi diskutere prosjektet i Modalen, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Mange innbyggjarar har hatt kommunikasjonstrøbbel med både mobilen og fibernettet etter at kommunen kopla ut fasttelefonen i fjor haust.

– Møtet vil finna stad neste veke eller umiddelbart etter påske, seier Amundsen.

Trøbbel

Det var i går NRK fortalde om den vesle kommunen nord i Hordaland som vart dei første i landet til å avskaffe fasttelefonen. Prøveprosjektet til Telenor skulle verta eit utstillingsvindauge for korleis det nye telefonnettet skal sjå ut i framtida.

Dei rundt 400 modølene sa ja til å vera med, men åtte månader etter har ikkje prosjektet gått heilt som forventa.

Innbyggjarane fortel at dekninga for mobiltelefonane er elendig og det rådyre fibernettet leverer ikkje som det skal. Dei uroar seg for kva som skjer om straumen skulle gå i ein naudsituasjon. Folk som no har telefon gjennom breibandtilkoplinga vil då få problem.

– Det er eit stort problem. Det er dårleg dekning og viss me mistar vi straumen så har vi ikkje kontakt via telefon i det heile, sa innbyggjar Janice Ritchie til NRK i går.

Saka held fram under videoen

Det mener folk i Modalen kommune i Hordaland som i fjor gikk med på å kvitte seg med den gamle teknologien. De ble overasket av ekstrakostnader og beredskapsproblemer uten fast-telefoni.

SJÅ TV-SAKA: Modalen kommune gjekk med på å kvitte seg med fasttelefonen i august 2013. Dei vart overraska over ekstrakostnader og beredskapsproblem utan den gamle teknologien. Reporter: Oddgeir Øystese | Foto/redigering: Ingfrid Berge Fossåskaret

– For tidleg å konkludere

Telenor sa i går at dei er nøgde med prosjektet, men onsdag har pipa fått ein anna lyd. No vil dei møta innbyggjarane for å høyre kva erfaringar dei har hatt utan fasttelefonen.

– Korleis ser Telenor på dei problema som har oppstått i Modalen?

– Eg trur det er feil av meg å forskottere dei konklusjonane som vi skal ta i kommunen på møtet. Det må eg få lov å koma tilbake til etter møtet, svarar Amundsen.

Vil vise innbyggjarane teknologien

Også BKK ynskjer å møte modølene etter problema dei har fått med kommunikasjonen i den vesle kommunen. Energiselskapet har levert fibernettet til innbyggjarane i kommunen, og no vil dei informere meir om moglegheitene teknologien gir.

– Vi ynskjer å skape litt tryggleik og informere dei om kva løysingar som finst i fibernettet. I Modalen er det sårbart, fjorden kan frysa til og vêr kan hindra helikoptertrafikken, seier divisjonssjef Jan Olav Langeland.

Han syner til problema som kan oppstå om det skulle skje eit lengre straumbrot i kommunen. Likevel kan ein ved hjelp av internettet få ringa ut om ein skulle trenga det.

– Går straumen i kommunen, er det viktig at der er aggregat som sørgjer for straum på viktige bygg som kommunehus, brannstasjon og så vidare. Då kan ein oppretta trådlause nett ved desse stadene. Vi har til dømes ei teneste som gjer det mogleg for innbyggjarane å ta med seg mobiltelefonen til desse stadene, kople seg på det trådlause nettet og få ringe derifrå, forklarar Langeland.

Han veit ikkje når eit eventuelt møte mellom kommunen og BKK vil finna stad.

– Men vi vil møte dei snarast, så vi får finne ein ideell dato.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017