Kallar bomleiinga inn på teppet bak lukka dører etter NRK-avsløringar

Fredag må leiinga i bomselskapet Ferde svare for situasjonen i selskapet. Men trass i at selskapet er eigd av det offentlege, går møtet bak lukka dører. – Uheldig, seier ekspert.

Ferde, lukkede dører

LUKKA DØRER: Fredag vil eigarane av Ferde møte leiinga bak lukka dører.

Foto: Christian Lura / NRK

Bomselskapet Ferde er i hardt vêr. Gjennom ei rekkje saker har NRK avdekka fleire saker som har fått politikarar til krevje at Ferde-styret må gå og at alle bomselskap må granskast.

Ei sak er at Ferde har handla med eit selskap direktøren sjølv var medeigar i, ei anna at Ferde har sendt bilde av norske bilskilt til Kina. Datatilsynet vil no sjå nærmare på saka.

No har eigarane kalla styreleiar Paul Magne Nilsen i Ferde inn til eit møte. Eigarane er fem fylkeskommunar: Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder.

– Bakgrunnen for møtet er alle medieoppslaga som har kome den siste tida kring selskapet Ferde. Vi er avhengige av å ha tillit ute blant folk, og derfor har vi ein del spørsmål. Vi vil gjerne ha ein status på kva som er situasjonen i selskapet no, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap).

Men sjølv om selskapet er eigd av det offentlege, vil fredagens møte gå bak lukka dører. Kva som blir sagt på møtet, er ikkje sikkert at kjem ut til offentlegheita.

– Grunnen til at vi har møtet i denne forma er at vi vil ha alle kort på bordet. Det trur eg vi får best til når alle føler at dei kan stille dei spørsmåla dei ønskjer, seier Hestetun.

Ferde

BOMTOPP: Ferde kjøpte ein programvarelisens frå eit selskap Ferde-direktør Trond Juvik sjølv var medeigar i. Juvik har tidlegare sagt til NRK at han ikkje har tent ei krone på kjøpet.

Foto: Grafikk: Joakim Digernes-Nordström

Kritisk til lukka møte

Selskapet er organisert som eit privat aksjeselskap. Sjølv om eigarane er offentlege, kan dei då av aksjelova ha slike møter.

Juridisk rådgjevar i Norsk Presseforbund, Kristine Foss, er kritisk.

Sett i lys av både eigarsituasjonen og dei mange medieoppslaga om selskapet, meiner ho at eit slikt møte har høg allmenn interesse.

– For å ha tillit til selskapet er det viktig med tilgang. Uavhengig av kva slags lovar som gjeld, er selskapet tent med mest mogeleg openheit, seier Foss.

– Det er uheldig at offentlegheita ikkje får følgje eit slikt møte, seier ho.

Anne Gine Hestetun

KALLA INN: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, har kalla inn styreleiaren i bomselskapet Ferde til møte fredag.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Svært kritikkverdige episodar

Fylkestingsrepresentant Nils Marton Aadland (H) frå Hordaland stilte torsdag spørsmål i fylkesutvalet om Hestetun vil kalle inn til ekstraordinær generalforsamling dersom opplysningane frå eigarmøtet ikkje er tilfredsstillande.

– Ei ekstraordinær generalforsamling kan vere naudsynt fordi ein del episodar i Ferde er svært kritikkverdige. Selskapet er avhengig av tillit, og det er viktig at ein no ryddar opp i Ferde.

– Når du er oppteken av at tilliten skal byggast opp att, kva tenkjer du om at dei lukkar møtet?

– Eg er i prinsippet veldig klar på at openheit er av det gode. Eg kjenner ikkje bakgrunnen for at dei har vald å lukka det, men eg får inderleg håpe at innbyggjarane og media blir kjend med kva som har vore tema i møtet, og kva det blir konkludert med.

Anne-Gine Hestetun seier til NRK at dei heller ikkje har bestemt seg for om offentlegheita får vite kva som kjem ut av møtet, eller korleis dei vil følgje saka vidare opp.

– Eg har invitert på vegner av alle fylkesordførarane i eigarfylka. Vi har diskutert, og eg har gjort greie for korleis eg tenkjer gjennomføring, og har ikkje fått noko negativ tilbakemelding på det. Vi vil sjølvsagt, når vi har gjennomført dette møtet, ha ein dialog på korleis ein skal følgje vidare opp, seier ho.

Nils Marton Aadland

STILTE SPØRSMÅL I FYLKESUTVALET: Fylkestingsrepresentant Nils Marton Aadland (H) frå Hordaland stilte torsdag spørsmål i fylkesutvalet om Hestetun vil kalle inn til ekstraordinær generalforsamling dersom opplysningane frå eigarmøtet ikkje er tilfredsstillande.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK