Dei store byane på Vestlandet, Austlandet og i Agder skal prioriterast i fengselsutbygginga av standardiserte nybygg, skriv Bergens Tidende.
Professor ved Arkitekt- og designhøyskolen i Oslo Beate Hølmebakk er skeptisk til ideen om å byggje fengsel i modular.
– Dersom ein berre stablar bueiningar oppå kvarandre, utan nødvendig omsorg for korleis heilskapen fungerer sosialt for både tilsette og innsette, endar ein opp med rein oppbevaring. Det kan antakeleg vere bra om fengselet bidreg til å endre førestillinga om korleis eit fengsel, og livet i fengselet, ser ut og skal vere, seier Hølmebakk.
Professoren meiner likevel at modular gjer byggjeprosessen enklare og meir økonomisk, men meiner faren er at ein får bygningar som ikkje bidreg til rehabilitering av dei innsette.
– Dei prosjekta eg har sett av modulbygningar så langt, har ikkje imponert meg i så måte, seier Hølmebakk.