NRK Meny
Normal

Granskar om Monika-varslar blei straffa av politisjefane

Politiadvokat Liv Giertsen varsla om ukultur i Hordaland politidistrikt. Så vart ho omplassert av den same leiaren ho varsla om. No granskar Justisdepartementet om ho blei straffa for å varsle.

Geir Gudmundsen og Fløystad i bakgrunnen

POLITILEIINGA: Politimeister Geir Gudmundsen (til venstre) har tredd til side etter krass kritikk mot politileiinga i Monika-saka. Gunnar Fløystad (til høgre) er visepolitimeister og påtaleleiar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix

Liv Giertsen varsla fleire gonger mot leiarar i Hordaland politidistrikt. Mens ho var sjukemeld blei ho omplassert til ein jobb ho ikkje ville ha.

Ho meiner arbeidsgjevaren straffa henne for at ho varsla, og saman med advokat Toril Wik har ho klaga saka inn for Justisdepartementet. Dei har no sat i gong behandling av saka.

– Dette er eit klart brot på gjengjeldesesforbodet. Det er dette Justisdepartementet no skal vurdere, seier Wik.

Advokat Wik representerer alle varslarane i Monika-saka og reagerer kraftig på prossessen rundt hennar klient.

– Først blei ho fjerna frå arbeidsplassen ho ville ha. Når ho så søkte ei ny advokatstilling, blei ho ikkje ein gong innstilt. Dette er heilt åpenbar gjengjelding, eller straff om du vil, seier Wik.

Totalt har fire personar sendt inn seks varsel mot Hordaland politidistrikt. Advokatfirmaet Wiersholm har granska alle og legg fram sin rapport denne veka.

Dette er heilt klart gjengjelding, eller straff om du vil.

Toril Wik, advokat for Giertsen
Politiadvokat Liv Giertsen i Hordaland politidistrikt

POLITIADVOKAT: Liv Giertsen har jobba 18 år i politiet. Ho meinte Monika-saka var eit symptom på eit større problem ved politidistriktet, og varsla om kritikkverdige forhold.

Foto: NRK

Bakgrunnen

Det begynte med at Liv Giertsen var i eit møte ved politidistriktet. Der skal visepolitimeister Gunnar Fløystad ha brukt svært negative ord om Monika-varslar Robin Schaefer, som ikkje sjølv var tilstades.

Giertsen varsla til politimeisteren om det ho meiner var ulovleg trakassering. Seinare varsla ho og kollega Line Skjengen om ukultur og kritikkverdige forhold ved leiinga i distriktet.

Varselet mot visepolitimeisteren blei undersøkt av mellom andre politimeisteren, som frikjende han for anklagane.

Giertsen reagerte på at leiarar uttalte seg negativt om varslarane i media. Ho blei etter kvart sjukemeld. I mellomtida blei påtalegruppa hennar lagt ned og ho blei omplassert mot sin vilje.

Monika Sviglinskaja

MONIKA-SAKA: Liv Giertsen og Line Skjengen meinte Monika-saka var eit symptom på problemar med leiinga i Hordaland politidistrikt. Dei la fram 200 sider om det dei kallar ukultur.

Foto: PRIVAT / NTB scanpix

– Eg opplever at dei ser meg som brysam og at dei ønsker å nøytralisere meg, sa Giertsen til VG.

I spissen for å omplassere dei tilsette stod same mann ho hadde varsla om, visepolitimeister Gunnar Fløystad.

Hun varslet om ukultur i bergenspolitiet

– Straff for å varsle

– Personar som har vore gjenstand for alvorleg kritikk frå Liv Giertsen, har samstundes leia prosessen der ho blir beordra vekk frå sin arbeidsstad, seier Wik.

Varslarar har eit rettsvern, og det er forbod mot å gje varslarar represaliar. Det har vore tilfelle i denne saka, meiner advokaten.

– Dette er svært alvorleg og med på å svekke tilliten til leiinga ved Hordaland politidistrikt, seier Wik.

Dette har ingenting med varsla å gjere. Det var mi avgjersle å legge gruppa ned.

John Reidar Nilsen, konst. politimeister

– Det faktum at saka er klaga inn til justisdepartementet tar eg til etterretning og ventar og ser innspel frå dei, seier konstituert politimeister John Reidar Nilsen.

Han avviser alle påstandar om at politiet har straffa Giertsen for å varsle. Nilsen meiner nedlegginga av Giertsen si påtalegruppe skjedde heilt uavhengig av varslinga.

– Oppløysinga av påtalegruppa har ingenting med varslinga å gjere. Varselet var ferdig behandla då beslutninga om å løyse opp gruppa vart tatt. Beslutninga var mi, seier Nilsen.

Politimeisteren seier at dei la ned påtalegruppa fordi ei gransking av arbeidsmiljøet viste at gruppa hadde ei alvorleg konflikt. AFF skulle vurdere korleis dei kunne løyse konflikta, men kom fram til at det ikkje var vilje til det i gruppa.

– Dei skildra eit dysfunksjonelt arbeidsmiljø og ingen vilje til å gjere noko med det. Då hadde eg berre eitt alternativ, og det var å løyse opp gruppa, seier Nilsen.

visepolitimester

KONSTITUERT POLITIMEISTER: John Reidar Nilsen har måtte svare på fleire kritiske rapportar etter Monika-saka i Bergen. Denne veka kjem ein ny rapport, der politileiinga si handtering av fire varslarar blir granska.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Får støtte frå fagforeining

– Med den dokumentasjonen eg sitter på meiner eg at dette ikkje er korrekt, seier Toril Wik.

Ho festar ikkje lit til AFF-rapporten politimeisteren viser til. I tillegg meiner ho at saka til Giertsen ikkje var ferdigbehandla, fordi ho hadde klaga på avgjersla i saka. Giertsen hadde og fleire varsel, som ikkje var handsama.

Fagforeininga hennar reagerer på at ho ikkje vart innstilt som ein av ni søkarar, på ei advokatstilling ho seinare søkte på.

NRK kjenner til at Politiets Fellesforbund har forsøkt å få stansa tilsetting i stillinga. Dei har sendt ein klage til Politidirektoratet der dei argumenterer for at Giertsen no blir utsatt for hevn frå leiinga.

Fagforbundet meiner og at visepolitimeister Gunnar Fløystad var inhabil, då han var i føringa for nedlegginga av arbeidsplassen til Giertsen.

Visepolitimeister: – Eg var ikkje inhabil

Gunnar Fløystad

VISEPOLITIMEISTER: Gunnar Fløystad er den øverste sjefen for påtaleseksjonen ved Hordaland politidistrikt.

Foto: Eva Cathrine Berget / NRK

Visepolitimeister Gunnar Fløystad skal ha blitt bedt om å følge opp nedlegginga av gruppa, fordi han som påtaleleiar er sjef for politiadvokatane. Han hadde ansvar for kva arbeidsoppgåver politiadvokatane kunne få etter omplasseringa.

Fløystad seier han vurderte om han var inhabil i saka.

– Når politimesteren vel å legge ned gruppa er det naturleg at det blir fulgt opp av leiarane i linja. Eg meinte det ikkje var problematisk og at det ikkje var habilitetsgrunnar som tilsa at eg ikkje kunne vere leiar i den situasjonen, seier Fløystad.

Fløystad begrunner det med at varselet var sakshandsama og enda med at han vart frikjent for anklagene. Dermed var saka avslutta i hans auge.

– Varslarane hadde anledning til å klage på avgjersla og gjorde det. Dermed var ikkje saka endeleg behandla. Var du kjent med det?

– Eg har basert meg på ei avgjersle om at varslingssaka var undersøkt grundig og at den var avslutta, seier Fløystad.

Politihuset i Bergen

POLITIDISTRIKTET: Advokatfirmaet Wiersholm har tatt oppdraget med å granske seks varsel frå fire tilsette ved Hordaland politidistrikt. Denne veka legg dei fram funna sine.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.