Hopp til innhold

– Må slutta å kasta DNA-bevis

DNA-prøvane som bidrog til å dømma Monikas (8) drapsmann til 18 års forvaring skulle ha vore destruert. Jusprofessor meiner saka er eit stjerneeksempel på at dagens regelverk er farleg for rettstryggleiken.

Tiltalte i Monika-saken

DØMD FOR DRAP: Donatas Lukosevicius (34) vart dømd til 18 års forvaring for drapet på Monika Sviglinskaja (8). Her på veg inn i rettssalen under vårens rettssak.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Jusprofessor og dekan ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, Asbjørn Strandbakken, meiner dagens regelverk om å kasta kriminaltekniske DNA-prøvar etter visse fristar, er farleg for rettstryggleiken.

– Ein skal prisa seg lukkeleg for at dette materialet var tilgjengeleg. Regelverket som seier at DNA-materialet skal kastast etter ei viss tid er feil, og det hastar med ein gjennomgang.

Asbjørn Strandbakken

FARLEG: Dekan Asbjørn Strandbakken ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen meiner dagens regelverk som seier at DNA-prøvar skal kastast etter ei viss tid, er farleg.

Foto: Jens Helleland Ådnanes / UiB

DNA skulle ha vorte destruert

DNA-prøvar som vart tekne frå avdøde Monika Sviglinskaja i 2011 vart ikkje destruerte. Etter regelverket skulle dei ha vore kasta då saka blei lagt bort som sjølvmord. Men ein lokal etterforskar tok vare på DNA-bevisa, i strid med regelverket.

Dommar Håkon Rastum peika på at nye analysemetodar dei siste åra har gjort det mogleg å slå fast at ti av 14 DNA-spor som vart funne på Monika stamma frå den no drapsdømde litauaren.

For seks år sidan avslørte VG at Rettsmedisinsk Institutt i Oslo ulovleg oppbevarte både biologisk materiale og eit DNA-register over analysane dei hadde gjort for Kripos.

Instituttet meinte at dette burde takast vare på for at analysane skulle kunne kontrollerast i ettertid.

Folkehelseinstituttet (FHI) har seinare overtatt ansvaret for analysane som Rettsmedisinsk institutt gjer, men framleis er mange registreringar ikkje fjerna. FHI har til Aftenposten tidlegare i år sagt at dei er i gang med å sletta DNA-profilar etter kvart som dei får lister over personar frå Kripos. Derimot opplyste FHI at Kripos førebels ikkje har oppmoda dei om sletting av profilar tatt etter 1. januar 2010, og at ein del eldre profilar er teknisk vanskeleg å sletta.

DNA-eksperter

EKSPERTAR: Eirik Natås Hansen (t.v.) og Bente Mevåg frå Folkehelseinstituttet, samt Hans Geir Eiken frå rettsmedisinsk kommisjon, var av dei som vitna om dei viktige DNA-spora i Monika-saka.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

– Uheldig om prøvar hadde blitt kasta

– Det er klart at det ville vore uheldig om det hadde blitt kasta, men eg vil ikkje spekulera i om det hadde vore nok til ein dom uansett, sa statsadvokat og aktor Benedicte Hordnes til NRK etter domsavgjerda i tingretten måndag.

Strandbakken meiner Noreg treng ein opprydding i lovverket.

– Eg er redd ein kan få fleire tilfelle av uriktig domfelling. DNA-prøvane kan nyttast for å i ettertid sikra at det ikkje er blitt gjort overgrep mot domfelte. Difor meiner eg ingen prøvar må destruerast, seier jusprofessoren.

Aktor Benedicte Hordnes i Monika-saken

UHELDIG: Aktor og statsadvokat Benedicte Hordnes meiner det ville vore uheldig om DNA-prøvane som vart tekne i den første etterforskinga vart kasta.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Både arkeologiske funn og dopingprøvar kan ved ny teknologi gje andre eller meir nøyaktige svar mange år seinare. Av same grunn meiner Strandbakken at DNA-prøvar i straffesaker bør oppbevarast på ubestemt tid.

– Eg synest alt som er innhenta i samband med ei straffesak burde oppbevarast, seier Strandbakken, som kallar dagens destruksjonsreglar eit personverhysteri.

Ikkje innvendingar mot DNA-bruk

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet ynskjer ein gjennomgang av regelverket velkomen.

Direktøren meiner samstundes ein må ta vare på privatrettslege prinsipp.

– Det er viktig at ingen hamnar i eit register, mistenkt for å ha gjort noko gale, når ein ikkje har gjort noko gale, seier Thon.

DNA-analyse ved Folkehelseinstituttet

FARLEG: Dekan Asbjørn Strandbakken ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen meiner dagens regelverk som seier at DNA-prøvar skal kastast etter ei viss tid, er farleg. Biletet viser ein DNA-analyse ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Odd Iversen / NRK

Direktøren har ingen innvendingar mot at DNA-prøvar som skulle ha vore sletta var sentrale i dommen mot Lukosevicius.

– Viss eit bevis først er skaffa, skal det kunne brukast som bevis.

Men Thon har innvendingar mot at prøvane fanst hos FHI i utgangspunktet.

– DNA-profilar skal slettast. Kripos sletter, men det gjer ikkje FHI. Dette viser mangel på rutinar og mangel på etterleving av regelverket, seier Thon, som poengterer at Datatilsynet har pågåande samtalar med FHI om emnet.