Jurgen (75) fall ned i ein bresprekk – no er han tilbake for å takka dei som redda livet hans

BERGEN (NRK): Kanadiske Jurgen Klaus hadde éin prosent batteri igjen då dei frivillige redningsmannskapa fann han opp ned i fjellsprekken.

Jurgen Klaus møter redningsmannskapa

TILBAKE: Jurgen Klaus hadde eit sterkt ynskje om å få takka dei frivillige redningsmennene.

Foto: Even Nordheim Johansen / NRK

– Eg skuldar dei at eg er i live. Eg var berre nøydd å koma tilbake.

75 år gamle Jurgen Klaus og familien skulle avslutta noregsbesøket med brevandring i fjor sommar. Men turen over breen var lang, og han droppa å vera med.

I staden tok han seg ein tur i området på eiga hand. Han var åleine då han sklei ned i ein 15 meter djup sprekk.

Fleire bein i ryggen og i brystkassa var knust og ei lunge var punktert, der 75-åringen låg – opp ned – mellom fjellet og ei snøfonn.

I timevis låg han slik før politi og redningsmannskap på mirakuløst vis fann posisjonen hans.

Fredag var han tilbake i Noreg, for å takka dei som redda livet hans.

– Trass i det eg opplevde på Folgefonna, og alt eg gjekk gjennom, hadde eg ikkje éin negativ tanke då eg reiste frå Noreg. Ikkje éin! Dette herlege møtet med det norske folk og dei fantastiske helsearbeidarane og frivillige; det har endra livet mitt.

Jurgen Klaus hugsar godt dagen då dei frivillige redda han ut av bresprekken

DRAMATISK: 75-åringen hugsar godt dagen då dei frivillige redda livet hans. – Eg kjem aldri til å gløyme det de sa til meg.

Foto: even Norheim Johansen / NRK

Frivillige redda han ut: – Me visste han ville få vondt

Det var frivillige frå Hordaland alpine redningsgruppe som tok seg ned til den skamslåtte turisten. Gruppa blir kalla ut på spesielt vanskelege oppdrag som krev klatreekspertise.

– Me visste det handla om å få han kjapt opp og ut, seier klatrar Lars Mjaavatn.

Han var den første som kom ned i den tronge fjellsprekken.

Turist falt ned i breglippe på Folgefonna

HENTAST UT: Her er 75-åringen i ferd med å heisast opp. I fleire timar sat han fast 15 meter under breen.

Foto: Hordaland alpine redningsgruppe

– Kven av dykk sa «eg ser skoen hans»? De hugsar ikkje? Eg hugsar alle detaljane, sa ein tårevåt Klaus då han møtte dei for første gong.

Han var kraftig nedkjølt då han blei heist opp av dei frivillige.

– «Vi skal aldri i livet forlate deg der nede» sa de til meg. Aldri i livet, minnast Klaus når han møter redningsmannskapa i Bergen ni månader etter.

– Det er ord eg aldri kjem til å gløyma.

Jurgen Klaus møter igjen helsepersonell på Haukeland

VARMT MØTE: Fredag møtte Klaus også legar og sjukepleiarar i ein tårevåt seanse på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.– Å, eg hugsar deg, sa han då han møtte nokre av hjelparane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kraftig nedkjølt

Fleire legar og sjukepleiarar stod klare då han kom inn på Haukeland. Dei var førebudde på at 75-åringen var så nedkjølt at hjarta ville stansa.

Men den stødige mannen var i betre forfatning enn dei frykta.

– Skadane han hadde fått, og det at han var så nedkjølt, kunne heilt klart ha vore livstrugande. Det var avgjerande at han kom seg ut og til sjukehus så raskt, seier Rune Haaverstad, overlege og seksjonsleiar ved thoraxkirkurgisk seksjon på Haukeland universitetssjukehus.

Han blei verande på sjukehuset fleire dagar før han kunne få reisa heim til Ontario i Canada.

– Eg trur eg må ha blitt sett til av minst femti personar. Eg hugsar enno fjeset på fleire av dykk, sa Klaus då han møtte legane på Haukeland.

112-pris til Vest politidistrikt

PRIS: Operasjonssentral-teamet i Vest politidistrikt fekk prisen «Outstanding Rescue» i European Emergency Numer Association si årlege kåring, som blei delt ut i Kroatia. Prisen fekk dei for innsatsen då Klaus fall ned i bresprekken.

Foto: Politiet

Rundt halve jorda for å takka

Klaus forsøkte å treffa dei frivillige klatrarane før han reiste heim i juli fjor, men det lét seg ikkje gjera. Men då kvinna som tok imot naudsamtalen hans vann ein pris for innsatsen, blei han invitert til Kroatia på prisutdelinga.

Frå Kroatia var vegen kort til Noreg og Haukeland.

Med seg har han luer og genserar med den kanadiske lønnebladet på. I tillegg har kona laga t-skjorter med bilete av redningsmennene hans.

– Det er veldig gledeleg for oss å få hjelpa folk som set seg fast, anten det er i ein bre elle ein fjellvegg, seier Lars Mjaavatn.

Møtet med Klaus er det fyrste etter eit slikt lykkeleg utfall for redningsmannen.

– Eg måtte takke alle saman. Dette er menneska som redda livet mitt, seier 75-åringen.

Jurgen Klaus takkar redningsmannskapa med gåver frå heimlandet

GÅVER: Som takk fekk redningsmannskapa gåver frå heimlandet til kanadiaren Klaus – og ei t-skjorte med bilde frå redningsaksjonen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK