Hopp til innhold

Julian (2 mnd.) frå Askøy hamna på sjukehus: – Eg var redd han skulle døy

ASKØY (NRK): To månadar gamle Julian Edgar blant truleg fleire tusen innbyggjarar på Askøy som har blitt sjuke.

Tommy Svenskberg med sonen Julian Edgar (2 mnd)

FRYKTA DET VERSTE: Tommy Svenskberg prisar seg lukkeleg over at det gjekk bra då to månadar gamle Julian Edgar på fredag hamna på sjukehus med tarminfeksjon.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Vi frykta det verste. Barnet er jo så lite og hjelpelaust.

Det seier Tommy Svenskberg der han sit i sofaen heime i Strusshamn på Askøy.

Det vart dramatisk torsdag kveld, då både den nyfødde sonen Julian Edgar og storebroren på to år måtte køyrast i full fart til Haukeland universitetssjukehus.

– Forferdeleg kjensle

Dei hadde oppkast, diaré og kraftig feber i ei veke. Då minstemann fekk morsmjølkerstatning på torsdag, enda det raskt med sjukehusinnlegging.

– Eg var redd han skulle døy. Ei heilt forferdeleg kjensle. Den verste du kan ha, seier Svenskberg.

Han er altså far til to av dei 12 borna som har vore på sjukehus etter vass-skandalen på Askøy.

Frå torsdag og laurdag vart til saman 37 innbyggjarar på Askøy innlagde på Haukeland med tarminfeksjon.

Mange hundre innbyggjarar har kontakta legevakta i Askøy med tilsvarande plager.

Eittåring døydde

Inngang til fjellbasseng på Kleppe på Askøy

IKKJE REINT: Bak denne døra i fjellet på Øvre Kleppe på Askøy ligg høgdebassenget med drikkevatn der kommunen har funne tre ulike tarmbakteriar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kommunen slo krisealarm torsdag ettermiddag, og sende utover kvelden ut kokevarsel til dei mellom 10.000 og 15.000 innbyggjarane i sørdelen av kommunen som får drikkevatn frå Kleppe vannverk.

Fredag morgon fortalde NRK at ein eitt år gammal gut på Askøy døydde av infeksjon onsdag. Fylkeslegen har oppretta tilsynssak, og guten vart obdusert fredag. Det er framleis ikkje klart om dødsfallet skuldast forureina drikkevatn.

Vassprøvar frå eit høgdebasseng viste bakteriesmitte fredag. Få timar seinare slo sjukehuset fast at pasientane var smitta av bakterien Campylobacter.

Laurdag anslår kommunen at 2000 personar truleg ligg sjuke heime.

Samstundes har nye analysesvar laurdag vist at høgdebassenget også har to andre bakteriar.

Forstår sinnet

Kommuneleiinga beklagar overfor alle som har blitt sjuke.

Askøyværingane har all grunn til å vera frustrerte og sinte på oss. Det er ikkje tvil om at kommunen har svikta som leverandør av godt og trygt vatn, seier varaordførar Bård Espelid til NRK.

Det gjekk godt med vesle Julian Edgar. Foreldra slapp med skrekken.

– Det kjennest veldig bra. Eg merkar at det er litt meir liv i han no. Det er godt, seier Tommy Svenskberg.

Tommy Svenskberg med sonen Julian Edgar

VAKNA TIL: Etter at dei er komne hjem har Edgar blitt merkbart betre.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK