I år gler eg meg til å vera gjest
på skulen sin årlege juletrefest.
Spaninga hjå meg og ungane er stor
for eg fekk ikkje vera med i fjor.
I fjor var eg heime med minsteguten
i år får Line ta den suten.
I år vil eg vera med
dei store på gongen rundt juletre.
Eg var med vesle Anniken på plassen
då ho feira si fyrste jul med klassen.
Innom Marius i andre - ein stramme kar
i kveld skal eg vera den stolte far
Det er lov å vera ein smule
stolt over tradisjonane ved Undheim skule.
Sjå dei små gå rundt treet på
det same golv som då me var små.
Gå saman rundt treet som glitrar som gull
når heile den store salen er full.
Og eg har eit punkt til på lista
i morgon slepp eg å smørje nista.