Me gangar den store oppskrifta med tre
sku’ tru me lagar ein kakemannarme’
konemor kom godt på gli
-i år hugsa me å ha sukker i
Leivane blir kjevla og trykte ut
av ei ivrig jente og ein lystig gut
Anniken på seks og Marius på sju
kosar seg no kan du tru
Mor ho steikjer seg svett
og kan henta ut brett etter brett
For strevet har me fått igjen
eit heilt brett med kakemenn
Ungane føl ikkje mors befaling
og brukar konditorfarge nett som maling
Kakemennene er våte på låro
- me får håpa dei torkar i måro
(Av poet Arne Torget frå Kvinnherad)