Hopp til innhold

Jubler for gull i hunde-NM

Fire kvinner frå Bergen vann i helga lag-NM i hundesporten agility. – Heilt fantastisk, seier Vibeke Kalvenes.

Agility

SIGERSGLEDE: Dei fire hundane som tok gullmedalje heite Shejpa, Jippi, Nemi og Flori. Frå venstre eigarane Vibeke Kalvenes, Katja Nyborg Christensen, Kine Eimhjellen og Karoline J. Nilsen.

Foto: Privat

Noregsmeisterskapet i hundesporten agility gjekk føre seg i Drammen i helga, og laget frå Bergen vann søndag i klassen for mellomstore hundar.

– Det var kjempeherleg å vinna – utruleg kjekt, seier Vibeke Kalvenes.

I sporten vert det konkurrert i tre størrelsar; stor, liten og mellom, og både i individuell klasse og i lag. På kvart lag er det fire hundar med kvar sin førar.

Dei fire jentene har vore eit lag heile sesongen, men dette var deira første meisterskap.

– Me låg på tredjeplass etter kvalifiseringa, og når finalen kom så kom me oss gjennom løypa ganske feilfritt. Det gav god utteljing, seier Kalvenes med eit smil

Vibeke Kalvenes

FORNØGD MED SIGER: Vibeke Kalvenes saman med hunden Flori. Ho drøymer om at dei ein dag kan ta individuell medalje i NM.

Foto: Privat

Kjekt for dei firbeinte

Dei fire hundane som tok gullmedalje heite Shejpa, Jippi, Nemi og Flori. Ifølge Kalvenes stortrivast også dei firbeinte med sporten.

– Ja, me merkar godt på hundane at dei likar å vera med på konkurransane, dei er glad i å vera i aktivitet.

Sporten krev sitt, og det må trening til for å få gode resultat.

– Me trenar ganske mykje på hinderløypene – i alle fall tre gonger i veka. Om ein har stemner i helga trenar ein mindre i vekene. Det er utruleg kjekt å oppleva eit samspel med hundane, seier Klavenes.

Satsar vidare

Dei fire hundeentusiastane konkurrerer i lag gjennom heile året, og det er gjennom resultata der ein kvalifiserer seg til NM.

– Tre av oss skal fortsetta saman. Ei av oss flytter dessverre til Stavanger og skal halda fram med sporten der. Målet er å kvalifisera seg til NM neste år.

Kor lang tid det tek før hundane kjem opp på eit høgt nivå varierer veldig.

– Det varierer frå hund til hund, og kjem også veldig an på føraren. Er føraren erfaren vil hunden raskare bli god i sporten, legg ho til.

Det er mange som har hive seg på agility-bølga dei siste åra ifølge Kalvenes.

– Eg synest det er blitt meir og meir populært, og me ser at det er stor etterspurnad etter nybegynnarkurs.

Monica Skjold frå Bergen vann bronse individuelt i klassen for liten hund.