Statoil har i dag tildelt Beerenberg ein kontrakt på vedlikehaldstenester på 11 offshoreinstallasjonar. Kontrakt gjeld i 15 år og har ein verdi på kring 8 milliardar kroner.
I tillegg har Statoil inngått ein 15-årig kontrakt med Molde-baserte Prezioso Linjebygg verd tre milliardar kroner. Kontrakten gjeld levering av isolasjon, stillas og overflatebehandling på ni av Statoil sine plattformer.
For sistnemnde er kontrakten så viktig at dei opprettar nytt kontor i Bergen og treng fleire medarbeidarar.
Opprettar bergenskontor
Prezioso Linjebygg har i likskap med fleire andre gått gjennom nedbemanningar i haust, men no går pila i motsett retning.
– Vi har behov for å utvide arbeidsstokken men kring 50 til 100 personar. Vi ønskjer flest mogleg lokalt tilsette, med tanke på at utreisestaden blir frå Flesland, seier administrerande direktør Kristoffer Jenssen til NRK.
Selskapet kjem også til å overføra tilsette frå felt lenger nord, samt henta tilbake tilsette som er permittert.
Kan ikkje lova stogg i nedbemanninga
I oktober vart det kjent at Beerenberg var nøydde til å kutta 250 tilsette på grunn av nedgangstidene i oljebransjen. Sjølv om ein viktig kontrakt vart sikra i dag, legg ikkje konsernsjef Morten Walde skjul på at det er knallharde tider.
– Vi må jobbe vidare i marknaden for å sikre aktivitetsnivået som må til for å sysselsette heile staben vår.
– Du kan ikkje lova at det ikkje blir ytterlegare nedbemanning i selskapet dei neste åra?
– Nei, det kan vi ikkje love. Vi kan love at vi skal jobbe steinhardt for å sikre føreseielege arbeidsforhold for våre arbeidarar, men vi kan ikkje gi garantiar, svarar Walde.
Fekk milliardkontrakt i november
Beerenberg har no kring 1400 tilsette i Norge, dei aller fleste i Bergen og Rogaland.
Dagens kontrakt sikrar Beerenberg ein avtale om vedlikehald på følgjande offshoreinstallasjonar: Statfjord A, B og C, Gullfaks A, B og C, Kvitebjørn, Valemon, Grane, Visund og Draupner.
I november sikra dei også ein tiårig kontrakt med Statoil om vedlikehald- og modifikasjonstenester på Mongstad-raffineriet. Totalt har dei to kontraktane ein verdi på ti milliardar kroner.
Men der to selskap kan jubla over tryggare arbeidsforhold framover, slår kontrakttildelingane negativt ut for andre. Selskapet Bilfinger mistar avtalane dei har på felta Oseberg C, Sør og Øst, samt Heimdal.