Fredag kl.15.00 opnar fylkesveg 302 mellom Bruravik og Djønno. Vegen har vore stengd i to veker på grunn av eit stort steinras.
Bygdene Tjoflot og Djønno i Ullensvang i Hardanger har vore veglause heile tida.
Letta over å få vegen tilbake
Innbyggjar i Djønno, Knut Djønne, seier bebuarane er svært glade for å få vegen tilbake igjen.
Verst har det vore for barnefamiliar som skal frakte barna til skule og barnehagar, trur han.
Båt vart redninga
Ein privat båt har sørga for at innbyggjarane har kome seg til skule, arbeid og butikk dei siste vekene.
Fire gonger til dagen har båten frakta innbyggjarane til Vallavik.
Bru over den øydelagde vegen
Innbyggjarane i Tjoflot og Djønno har no fått ei bru over den farlege rasstaden.
Brua er likevel ei midlertidig løysing fordi vogntog ikkje kan passere brua.