Hopp til innhold

– Det var eit forferdeleg stort skrell

Folk i store delar av Hordaland merka eit kraftig drønn like etter klokka 7 i dag tidleg.

Terje Pettersen

HUSET RISTA: Terje Pettersen på Fedje kjende at huset rista i dag tidleg.

Foto: Privat

Terje Pettersen som bur på Fedje opplevde at heile huset rista.

– Det var eit forferdeleg stort skrell. Det var litt skremmande akkurat med det same. Eg har aldri opplevd noko sånt før, seier Pettersen til NRK.

Han tenkte ei stund at det kunne vera sprengingsarbeid, men konkluderte raskt med at det ikkje var sannsynleg så tidleg ein laurdags morgon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kuvvet Atakan

JORDSKJELVEKSPERT: Kuvvet Atakan seier skjelvet hadde ein styrke på 3,2.

Foto: UiB

Sjelden i norsk samanheng

Jordskjelvekspert Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen stadfestar overfor NRK at det er registrert eit jordskjelv med senter i havet sørvest for Fedje klokka 07.05.

– Skjelvet har styrke 3,2. Det er eit lite skjelv, men det er likevel sjeldan i norsk samanheng, seier Atakan.

Skjelvet i dag er registrert på nettsidene til Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk . Der kan dei som merka skjelvet registrera sine opplysningar.

Truleg ingen skadar

Atakan reknar ikkje med at skjelvet har ført til skadar på folk eller materielle skadar.

– Jordskjelv over 3 på skalaen blir merka av folk, slik som i dag. Men det må vera over 4,5 for at det skal skje skade på bygningar, seier Atakan.

Politiet i Hordaland opplyser til NRK at dei ikkje har fått meldingar om skadar etter jordskjelvet.

Skjelvet blei merka veldig godt av folk på Fedje. Men også i Øygarden og innover til Bergen har folk kjent jordskjelvet tydeleg.

  • Opplevde du skjelvet? Skriv dine kommentarar nederst i artikkelen!


Ti dagar sidan sist

Det er berre ti dagar sidan Vestlandet sist blei ramma av jordskjelv .

Då hadde skjelvet senter like sør for fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland. Det var eit sterkare skjelv, med styrke 3,5.

Dagens skjelv er ifølgje Kuvvet Atakan det største i den såkalla Øygarden-forkastninga sidan 2000.

Den gongen hadde skjelvet ein styrke på 3,6.