Hopp til innhold

Jordmorkrise på Kvinneklinikken

Dei søkte etter åtte, men fekk berre tak i fem. – Det finst ikkje arbeidsledige jordmødrer, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen til BT. Føretakstillitsvald Eline Sira trur årsaka er tøffe arbeidsforhold ved KK. Samtidig kuttar jordmorutdanninga i Bergen studieplassar. Helse Vest fryktar dei vil mangla 345 jordmødrer i 2035.