Etter nesten ti år i uvisse, er framtida til bonde og grunneigar Erling Liland spikra: Til saman 1.000 dekar med dyrka jord og kulturlandskap ved Flesland lufthamn skal asfalterast og erstattast med hus, næring og industri.
Snart må Liland flytta frå det naturvernarar omtalar som den beste matjorda i Bergen.
– Uvissa har gjort det umogleg for oss som har blitt buande å satsa på drift.
140 fotballbanar
Kommunedelplanen for Birkeland, Liland, Ådland og Espeland (BLÅE) har vore under planlegging i over åtte år (sjå faktaboks). I mars sa Fylkesmannen nei til deler av planen.
- Les også:
Førre veke vedtok Bergen kommune den omfattande planen (ekstern lenkje). Dei fire minste partia i bystyret, Sp, SV, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt, røysta imot.
Totalt utgjer Liland-området 359 dekar med dyrka jord – eit område som svarar til 47 fotballbanar. Den totale matjorda som blir omdisponert svarar til storleiken på 136 fotballbanar.
Den tidlegare mjølkebonden er oppgitt over politikarar og kommunen som i årevis har skapt uvisse om kva som skal skje på Liland.
– Området på Liland blir brukt og hausta. Men det blir vanskelegare når både kommunen og private pressar på for å få omgjort dette til industriføremål. No tek dei siste rest, seier Liland-bonden.
Tidlegare leiar av Noregs Bondelag, stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp), har kjempa mot nedbygging av jordbruk over heile landet. Men lite kan måla seg med omfanget av denne planen.
– Dette er sjokkerande. I ei tid der Stortinget har stilt seg samrøystes bak målet om å redusera tapet av matjord, så slukar Bergen kommune éin fjerdedel av målet i eitt vedtak. Eg er enormt skuffa og vil ta denne prinsippsaka til Stortinget, seier Bjørke.
– Har hatt utbyggjarar på døra fleire gongar
Matproduksjonen i Noreg må nær doblast i løpet av tretti år, anslår forskingsinstituttet Bioforsk. I 2015 stilte difor alle partia på Stortinget seg bak jordvernstrategien, som slår fast at innan 2020 skal maksimalt 4.000 dekar matjord forsvinna kvart år.
I Bergen forsvinn ein fjerdel av framtidas mål i eitt vedtak. Senterpartiet fryktar ein dominoeffekt før innskjerpingane trer i kraft.
– 1.000 dekar er svært dramatisk. Mi frykt er at både utbyggjarar og kommunar vil nytta på i åra som kjem og gjera om mest mogleg areal.
Landbruksministeren vil ikkje kommentera saka eller bekymringa til den tidlegare bondelagsleiaren. Landbruksdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det er kommunane og fylkesmennene som har ansvaret for å ta omsyn til jordvern.
Utbyggjarar har kjøpt opp fleire av nabotomtene, men har venta på vedtaket frå kommunen.
– Det har vore utbyggjarar på døra mi fleire gongar, men eg har takka nei, fortel bonden.
Ofra jord – lovar betring
Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) seier byrådet på grunn av mangel på anna næringsareal, måtte ofra landbruksarealet på Liland.
– Paradoksalt nok, ja. For å bygga den tette byen rundt Bybanen og kollektivaksane, må arealkrevjande industri flyttast ut av byen. Vedtaket er òg resultat av at me ynskjer å gi føreseielege vilkår for bedriftene som alt har kjøpt land, seier Tryti, som understrekar at byrådet vil leggja vekt på grøne areal i komande planar.