Hopp til innhold

– Ei stadfesting eg er takksam for å ha fått

Førehandsfavoritten Jon Fosse mottok prestisjetunge Nordisk råds litteraturpris på Reykjavik i kveld.

Jon fosse får nordisk råds litteraturpris

Jon Fosse mottok Nordisk råds litteraturpris på Reykjavik i kveld.

Den prestisjetunge prisutdelinga fann stad i kulturhuset Harpa i Reykjavik i kveld. Fosse var på førehand ein av favorittane.

– For meg er prosaen minst like viktig som dramatikken. Så langt eg kan sjå framover er det prosa eg kjem til å skrive og ikkje dramatikk. Dermed kom denne prisen på eit veldig rett tidspunkt for meg. Eg fekk ei stadfesting eg er veldig takksamn for å ha fått, sa Fosse då han mottok prisen.

Norges to nominerte var Jon Fosse, for romantrilogien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd», og Kristine Næss for romanen «Bare et menneske».

Foss er Noreg sin mest kjende nolevande dramatikar. Stykkene hans blir jamnleg spelt på scener over heile verda.

Foss var også nominert i 2001 for «Morgon og kveld», men prisen gjekk den gongen til Jan Kjærstad.

Tidlegare i år vedgjekk han at han ville bli litt skuffa om han ikkje fekk prisen i år.

– Eg kan godt vedgå at om eg ikkje får den så blir eg litt skuffa. Den prisen hadde berre gjort godt på alle vis, skreiv han i ein e-post til NRK.

Litteraturprisen er den meste prestisjefulle av Nordisk Råd sine prisar. Den blei første gong del ut i 1962 og er på 350.000 danske kroner.