Midt i flokken stod ein einsleg gris.
Det var Gisse som prisa livet med eit griseglis.
Livet er herleg! Tenkte griseskrotten.
Dei andre berre grynta av den gode fjotten.
Heime på Garden sat vesle Anna.
Ho såg mor gjera klar den store jolapanna.
Det var kvelden før kvelden og fjernsynstid,
i studio var eit stykke gris og Ingrid Espelid.
Anna tenkte på Gissen, sin eigen vesle gris.
Far mumla noko om stjerner og altfor dårleg pris.
Å, Gissen, som vart så glad når ho kom i floren.
På tv var dei framme ved den vanskelege svoren.
Også lastebilen var framme, og Gisse jubla vilt.
Ut i det fri, du verda, dette var gildt!
Men kvar var vesle Anna, ho som alltid var så blid?
Anna som sa at jola var ei heilt fantastisk tid.
Gisse hylte sjokkskadd då mannen sparka.
Trynet for i bakken, han sikla og harka.
Eit inferno av angsthåse hyl og kvin,
så vart dei førte inn som nokre andre svin.
Rykta svirra i griseflokken med engstelege grynt.
Nokre snøfta motlaust at no var helvetet begynt.
Slik stod Gisse, skelvande nervøs som eit grisevrak.
Er steiketida lang, sa Ingrid, kan varmen vera svak.
Anna kneip att auga, og Sissel song med Gunvor Hals.
Men på slaktehuset i byen var der ingen jolavals.
Gissen vår stod oppstilt i rekkje nummer to.
Kva skjer bak den døra? Er eg den neste no?
Gisse spurte rundt seg, men ingen visste svar.
Noja, tenkte Gisse, snart kjem Anna hit med far.
Ho ville klø han på halsen og kalla han for sin.
Å, når ein kjende ei som Anna, var det godt å vera svin.
I studio gjekk omnsdøra ned og ribba vart tatt ut.
Anna kjende ei tåre, som snart vart til ein sprut.
I det samme vart Gisse dusja, slik slaktegrisar vert.
For då leiar straumen betre, har slaktarane lært.
Då såg han skoldekaret og slaktaren såvidt.
Gisse sette i eit hyl og grynta vilt for griselivet sitt.
Eg er for ung, tenkte Gisse, det kan ikkje skje!
Så sette dei på straumklaven, og det var det.
Anna kjende med seg at no var det gjort.
Kniven, ropte slaktaren, og det litt fort.
Så skar han over halsen, og så fekk Gisse blø.
På tv steig applausen, for svoren var blitt sprø.
Kvelden før kvelden vart til natta før dagen.
På slakthuset hang Gisse i kroken gjennom magen.
Men på jolakvelden skjedde dette då alle var forsynt:
Over heile verda høyrde folk det same såre grynt.
Frå boka Då gamlemor baka seg i hel
(Alma Mater/NRK P1)
Forfattar: Linda Eide (NRK P1)
Teikningar: Ingebjørg Jensen
Illustrerande musikk: Torbjørn Ellingsen