Hopp til innhold

Nilsen om rettssaka: – Eg har ingenting å skjule

Om ei veke får John Olav Nilsen svar på om han må i fengsel eller ikkje.

Den kjente musikaren og tekstforfattaren John Olav Nilsen har brukt dei to siste dagane på å forsvare seg i Bergen tingrett. Saman med ein kamerat er han tiltalt for grov vald, tjuveri og narkotikalovbrot.. Dei to hamna i slåstkamp med ein 29-åring frå Austlandet på ein kiosk i Bergen sentrum i september 2013.

Saman med ein kamerat er John Olav Nilsen tiltalt for grov vald, tjuveri og fleire narkotikalovbrot. Sjå intervjuet med Nilsen. Reporter: Oddgeir Øystese | Fotograf/redigering: Christine Kongsvik

Den kjente musikaren og tekstforfattaren John Olav Nilsen har brukt dei to siste dagane på å forsvare seg i Bergen tingrett. Saman med ein kamerat er han tiltalt for grov vald, tjuveri og narkotikalovbrot.. Dei to hamna i slåstkamp med ein 29-åring frå Austlandet på ein kiosk i Bergen sentrum i september 2013.

Aktor vil ha begge fengsla i 90 dagar, men bergensartisten nektar straffskuld. Forsvararen hans hevda i dag at det var den fornærma som slo Nilsen først.

– Det er ein ubehageleg situasjon å vera i retten. Men eg føler eg er representert på ein korrekt og god måte, seier John Olav Nilsen til NRK etter at rettssaka er over fredag.

– Eg har ingenting å skjule

Om ei veke kjem dommen. Nilsen seier han selfølgelig tenkjer på den eventuelle fengselsstraffa, men at han ikkje steller seg til det før dommen kjem.

– Eg har ingenting å skjule. I retten vart det også vist ein overvakingsvideo som viser kva som skjedde, seier Nilsen.

Forsvararen hans Linda Ellefsen Eide hevdar videoen syner at det var fornærma som starta slåstkampen inne på Deli de Luca i Bergen sentrum.

John Olav Nilsen Øyafestivalen 2013

John Olav Nilsen har gitt ut tre album med Gjengen, og har motteke fleire Spellemannprisar. Her frå Øyafestivalen i 2013.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

– Prisen for å vere kisen

Saka har fått mykje merksemd i media. At han er ein kjent person har stor betydning for det, meiner Nilsen.

– Media hadde aldri gidda å brydd seg om dette elles. Det er prisen for å vere kisen, seier Nilsen.

– Sånn rettsleg håpar eg sjølvsagt det har ingen som helst betydning. Og det trur eg ikkje heller, eg stolar på rettssystemet.

– Opplever du ofte ubehageleg situasjonar på byen fordi folk kjenner deg att?

– Eg opplev fleire fine ting. Men det er så lett å hugse dei dårlege. Det oppstår situasjonar, men mest fine og flotte ting. Folk som seier musikken og tekstane røyrer ved dei, det er veldig positivt.