NRK Meny
Normal

– Eg gløymer aldri kampane. Det er eigentleg eit under at eg overlevde

John Pettersen (99) kjempa mot nazistane under 2. verdskrig. Denne veka fekk han æresmedalje for innsatsen.

John Pettersen

SOLDAT: John Pettersen var snikskyttar og kjempa for den norsk-amerikanske bataljonen under 2. verdskrig.

Foto: Kari Nygård Tvilde / NRK

Det var fullstendig kaos. Det er eigentleg eit under at eg sjølv ikkje vart drepen.

John Pettersen

Denne veka blei John Pettersen slått til riddar av den franske æreslegionen. Æresmedaljen er den høgaste utmerkinga ein utanlandsk soldat kan få i Frankrike.

– Eg har jo gått gjennom heile krigen og har kjempa fleire av dei største kampane.

«Ta meg når de har bruk for meg»

Året er 1941 og Pettersen som opphavleg er sjømann oppheldt seg midt på Stillehavet då krigen braut ut.

Han hadde slektningar i USA, og gjekk i lang for å besøke dei. Det tok ikkje lang tid før han bestemte seg for å melde seg til teneste i det amerikanske militæret. Han ville kjempe mot nazistane.

– Ta meg når de har bruk for meg, sa eg til dei.

i uniform

SOLDAT: Pettersen kjempa for den norsk-amerikanske bataljonen under 2. verdskrig.

Foto: PRIVAT

Bataljonen blei starta i 1942, og dei ville ha folk som kunne norsk og som kunne gå på ski.

– Me trente dag og natt, heile året, fortel 99-åringen.

101 dagar i kamp

Eigentleg var planen å invadere Noreg, men dette endra seg og dei drog til Normandie. Han landa i Normandie den 21 juni 1944. Der var Pettersen i kamp mot fienden i 101 dagar. Han var med å kjempa dei fem største kampane i Europa.

Kampane gløymer han aldri.

– Eit slag i byen Elbuff var veldig alvorleg. Eg hugsar me gjekk over ei bru då dei byrja å skyte mot oss. Me slengde oss ned og låg flatt på brua alle mann.

Obersten som leia bataljonen blei skoten med ein gong. Fleire offiserar vart drepne.

– Det var fullstendig kaos. Det er eigentleg eit under at eg sjølv ikkje vart drepen. Eg var så nære som ein kan bli å bli treft. Me låg flatt på brua lenge, til slutt kom me oss unna.

På tanks

Det er Pettersen som sit til høgre i bildet. Dei sit på ein av nazistane sin forlatte tanks.

Foto: PRIVAT

Få igjen

Den norsk-amerikanske bataljonen var i Norg 4. juni 1945.

– Me var tusen mann som tok i mot Kong Håkon på honnørbrygga då han kom i land. Det var stort.

Han trur ikkje det er mange igjen av bataljonen i dag.

– Det er viktig for meg at folk må ikkje gløymer det som skjedde. Det er viktig å respektere freden seier han.

– Eg tenkjer framleis på dei i grava. I Normandie låg 380 uidentifiserte soldatar gravlagde i Normandie. Det er vondt å tenkje på.

Det er to år sidan han fekk beskjed om at han skulle få æresmedaljen. Denne vek veka fekk han den under eit høgtideleg besøk av ein fransk oberst.

– Slik eg ser det får eg denne medaljen på vegner av andre som ikkje er i live i dag.

Æresmedalje John Pettersen

HØGASTE UTMERKING: Medaljen «Chevalier de la Legion D`Honneur» er den høgaste utmerkinga ein utanlandsk soldat kan få i Frankrike.

Foto: Kari Nygård Tvilde / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås