Hopp til innhold

Johannes (10) sin trommevideo vert hylla av Metallica

Hardtslåande tiåring trommar seg gjennom heile Metallica-diskografien. No er den imponerande videoen delt av både bandet og store amerikanske magasin.

Spelar seg kronologisk gjennom heile diskografien til Metallica frå 1983 til 2016. Foto: Mauricio Weimar

HYLLEST: Sjå Johannes (10) spele seg gjennom Metallica sine album frå 1983 til 2016.

«The next generation!» skriv gigantane i Metallica på Facebook og deler ein Youtube-video av ein ung gut som bankar gjennom alle deira klassiske hits på trommer.

Guten bak bøttene er ti år gamle Johannes Rørvik Grov frå Kvinnherad i Hordaland. Han er no i ferd med å bli verdskjent.

– Det var veldig stilig. Eg hadde aldri trudd at dei skulle dela videoen. Det betyr skikkeleg mykje, seier tiåringen til NRK.

– Dette er heilt vilt. Eg forstod jo at videoen kunne bli populær, men ikkje så raskt, seier den entusiastiske trommelæraren Mauricio Weimar.

Det er han som klippa saman og la ut den tolv minuttar lange videoen for knappe to veker sidan.

Ulrich er helten

I videoen slår Johannes seg kronologisk gjennom heile diskografien til Metallica frå 1983 til 2016. Tiåringen spelar korte utdrag frå nesten kvar einaste låt som dei amerikanske legendene har gitt ut på album.

Det inkluderer med andre ord trommeteknisk krevjande låtar som «Motorbreath» og «One».

Trommespor som nokre meiner sjølv Metallica-trommis Lars Ulrich må jobbe hardt for å meistre på konsertar i dag.

– Eg fortalde Johannes om at Metallica hadde delt videoen i går kveld. Då var han mest opptatt av om Lars Ulrich hadde sett videoen. Han er stor fan av han, seier pappa Bård Hallaråker Grov.

Johannes Rørvik Grov spelar Metallica
Foto: Mauricio Weimar / Privat

Begynte då han var to år

Han fortel at Johannes fekk sitt første trommesett då han var to år gamal. Heile familien er svært glade i musikk og i oppveksten har dei tatt med tiåringen på mange konsertar.

– Det er framleis leik og moro som er det viktigaste, men det er veldig motiverande for Johannes å få slik positiv merksemd, seier Grov.

For det er ikkje berre Metallica som har latt seg imponera. Videoen er også plukka opp av det amerikanske magasinet Rolling Stone, samt Billboard.

– Han har ingen problem med tilpassa seg Ulrichs utviklande stil. Det er spesielt kult å sjå han tromme på dei nyare låtane, skriv Rolling Stone.

– Det er berre spørsmål om tid før denne fyren går fullstendig viralt, meiner Billboard.

Metallica konsert i Oslo

LEGENDE: Lars Ulrich treng ingen nærare introduksjon. Her er Metallica-trommisen i aksjon under konserten i Telenor Arena i mai.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sett over 80.000 gongar

Trommelærar Weimar har 30 år bak seg som trommeslagar. Han legg ikkje skjul på at han er stolt over eleven sin.

– Dette betyr alt for Johannes og er veldig motiverande. Han er ein flink trommeslager, som er musikalsk, lyttande og dedikert. Han øver fleire timar om dagen.

Og Johannes legg ikkje skjul på kven han kan takka for at han har blitt så flink.

– Mauricio betyr alt for meg. Han har lært meg å halda takt og spela ting som er skikkeleg vanskeleg og komplisert, seier tiåringen.

Videoen er torsdag kveld sett over 80.000 gongar på Youtube, men det er altså god grunn til å tru at fleire får auga opp for den unge trommevirtuosen.

Og den unge trommisen vil berre fortsetja å spela.

– Draumen er å spela trommer i eit band og laga eigen musikk. Så no må eg bli sterk i armane, konkluderer tiåringen.