Hopp til innhold

«Kvifor er SV imot slike skular som eg går på?»

Joel Ystebø (11) spurde SV leiaren om privatskular. Sjå kva Audun Lysbakken svarte.

Joel Ystebø (11) stilte spørsmål om SV sin skepsis mot privatskular. SV-leiar Audun Lysbakken svarte.

KREVDE SVAR: Joel Ystebø utfordra SV-leiar Audun Lysbakken på partiet sin privatskulepolitikk.

11 år gamle Joel Ystebø frå Bergen var ein av dei som utfordra politikarane då NRK Hordaland, Bergensavisen, Bergens Tidende og Studentersamfunnet i Bergen inviterte til valdebatt på det akademiske kvarter i Bergen.

Ystebø var uroa for at SV ville leggja ned privatskulen han går på; Kristen grunnskole i Bergen.

– Eg har eit spørsmål til Audun Lysbakken. Eg går på ein privatskule og trivst godt der. Eg er glad for at eg kunne velja mellom fleire skular. Kvifor er SV imot slike skular som eg går på, spurde 11-åringen partileiaren i SV.

– Vil ikkje leggja ned

Slik svarte SV-leiaren:

Audun Lysbakken, SV

VIL IKKJE LEGGA NED: Audun Lysbakken seier SV ikkje går inn fo å legga ned alle privatskular.

Foto: NRK

– Du går jo på ein skule som er der under vår regjering. Me er for at ein skal kunna ha dei private skulane ein har i dag. Skular som er baserte på ein spesiell pedagogikk eller spesielle livssyn, svarte Lysbakken.

Men han understrekar at Ystebø har eit poeng, når han hevdar at SV er kritiske til privatskular.

– Det som er farleg er om ein får store konsern inn i skulen som kan føra til at ein får a- og b-skular. Me vil ikkje ha fritt fram for private skular som konkurrerer ut den offentlege fellesskulen, heldt SV-leiaren fram.

– Dumt at dei ikkje ønskjer fleire

Ystebø var litt letta, men framleis litt kritisk til SV sin privatskulepolitikk, etter å ha fått svaret frå Lysbakken.

– Eg har jo høyrd mykje om at de vil leggja dei ned. Så det var jo eit greitt svar, men eg synst det er dumt at de ikkje ønskjer fleire, svarte elleveåringen frå Fyllingsdalen i Bergen.

SJÅ HEILE DEBATTEN:

Se hele debatten fra Kvarteret i reprise her.

VALDEBATT: SJå heile debatten frå Det akademiske kvarter i Bergen.