Hopp til innhold

Jobbar på spreng for å sikra E16 når du ventar

VAKSDAL (NRK): Medan bilistane trommar utolmodig på rattet, skal Jonas og Patrik i løpet av ti minutt rekka å bora eit meterdjupt hol høgt oppe i fjellveggen.

Jonas Albin og Patrik Liimatainen

INTERVALLARBEID: Jonas Albin og Patrik Liimatainen er to av rassikrarane som no jobbar med å gjera «dødsvegen» E16 tryggare.

– Iblant kan det vera litt stress, men det er «trävligt». Fin utsikt. Flott å jobba i frisk luft, seier Jonas Albin.

– Men litt kaldt og vått, supplerer Patrik Liimatainen.

Dei to arbeidskameratane jobba tidlegare i ei svensk gruve, men nyt no livet med intervallarbeid høgt oppe i friluft. Jobben: Rassikring ved Kråkeberget på E16 i Vaksdal.

Der dinglar dei i vaier eller står i lift i fjellskrenten mange meter over asfalten. På begge sider av arbeidsplassen veks køen av bilistar som vil forbi.

Hovudvegen mellom aust og vest på strekket Bergen-Voss er ein av dei mest ras- og ulukkesutsette strekningane i landet. Regjeringa varsla før jul at dei skal bruka 33 milliardar på å bygge heilt ny trasé.

15 minutt å jobba på

I mellomtida jobbast det med å ta unna det mest kritiske på den eksisterande vegen.

Arbeidarane har berre eit lite kvarter på seg mellom kvar gong nye bilar får passera. Då skal dei rekka å få liften på plass, bora eit hol i fjellsida og skru inn ein bolt.

Oslo er verst. Der har dei ikkje tid til overs.

Trafikkdirigent Olav Nylund
Rassikring E16 Vaksdal

TUTAR INTE: Bilkolonnene køyrer sakte forbi arbeidarane som rassikrar på E16 i Vaksdal.

– Ingen brukar hornet mot oss. Dei tykkjer det me gjer er bra.

– Det er jo vanskeleg å få gjort ein jobb og flytta dei tunge maskinane til og frå på ti minutt, men karane har øvd inn eit system, seier anleggsleiar Jonas Hiemi i entreprenørselskapet AST.

Les og: Luftig rassikring 150 meter over Bergensbanen

– Dagen går fort

Nede på vegen står trafikkdirigent Olav Nylund i Norsk Trafikkdirigering klar med leiebilen.

Arbeidsdagen hans vekslar mellom éin time i leiebil, éin time med stoppskilt i handa, og éin time pause.

Ove Nylund i Norsk Trafikkdirigering

DAGEN GÅR FORT: Vestlendingar ventar smilande og takknemlege på at rassikrarane får gjera jobben sin, seier trafikkdirigent Olav Nylund.

– Det er så mange koselege folk at dagen går fort. Nokre få klagar. Dei som skulle vore framme for lenge sidan og meiner me jobbar til alle døgnets tider som ikkje passar dei.

Max 30 km/t

Når Nylund leiar kolonnen forbi arbeidsplassen, er det viktigaste å passa på at bilane følger på utan store mellomrom. Derfor køyrer han aldri i meir enn 30 kilometer i timen.

– Blir det mellomrom, prøver dei bak å nå igjen køen, og då blir det fort 70–80 forbi dei som jobbar. Det hender nokon prøver å køyra forbi leiebilen eller andre i kolonnen, men det er heldigvis ikkje ofte.

Olav Nylund fortel at folk har ulikt tolmod rundt om i landet.

– Oslo er verst. Der har dei ikkje tid til overs. Og Lillehammer kjem på andre plass når det gjeld å vera stressa. Her på Vestlandet er folk så glade for alt som blir gjort på vegen, at dei smiler og nikkar.

Rassikring E16 Vaksdal

DINGLAR OVER BILTAKA: – Ingen tutar sint på oss, fortel arbeidarane som gjer vegen tryggare.