Jobbar gjennom natta på brannstad

På Husnes i Kvinnherad vil brannvesenet halde nattevakt i terrenget der det byrja å brenne onsdag kveld. 110-sentralen melder om ustabil vind og ein del glør i terrenget. I ettermiddag har naudetatane rykka ut til fem brannar i Hordaland.