Hopp til innhold

Jernmenn «flyttar» gudsteneste

Soknepresten i Sveio har bestemt seg for å halda søndagens gudsteneste på laurdag.

Utøvere i Ironman 70.3 triatlon i Singapore i mars 2012

«Ironman 70.3» blir arrangert over heile verda. I mars blei det blant anna arrangert i Singapore og til helga står Haugesundsdistriktet for tur. Det skal då konkurrerast i symjing, springing og sykling.

Foto: TIM CHONG / Reuters

Triatlon-arrangementet «Ironman 70.3» skal kommande helg arrangerast i Haugesundsdistriktet.

I «Ironman» skal det konkurrerast i både symjing, sykling og springing. Sykkelruta er lagt langs fylkesveg 47 gjennom Sveio i Hordaland, og vegen må difor stengast for vanleg trafikk frå søndagsmorgon til ut på ettermiddagen denne dagen.

Når «Ironman» føregår midt i kyrkjetida kan det bli vanskeleg for kyrkjegjengarar i Sveio å komma seg til gudsteneste denne søndagen.

Sporty sokneprest

Men Sveio kyrkje har ein sporty sokneprest som gjerne vil legga til rette for at flest mogleg skal kunna få med seg gudstenesta, der det også skal haldast barnedåp.

– Me valde likegodt å flytta både barnedåpen og gudtenesta til laurdag. Då kan dei som vil komma seg til gudsteneste, fortel sokneprest Gisle Sørhus til Haugesunds Avis .

Soknepresten er ikkje bitter over kollisjonen med sportsarrangementet.

– Nei, eg seier som Jesus: «Heilagdagen er ikkje for heilagdagen si skuld, men for mennesket». Poenget er at me feirar ei gudsteneste, det er ikkje så viktig kva dag den er, seier Sørhus til avisa.

LES OGSÅ:

Godt nøgd med løysinga

«Ironman 70.3» i Haugesundsdistriktet er ein av ein serie med langdistanse triatlon-arrangement rundt om i verda, der deltakarane kjempar om å kvalifisera seg til «Ironman World Championship» i Las Vegas.

– Dette var ei kreativ og gøyal løysing, seier Ironman-sjef Ivar Jacobsen til avisa, og er godt nøgd med den løysingsorienterte innstillinga til soknepresten.

Dei ansvarlege for arrangementet i Haugesundsdistriktet meiner det er godt informert om korleis «Ironman» vil påverka vegar og andre område i distriktet.