Brannsjefen slo alarm om milliardtunnel – ny rapport med sterk kritikk mot Bane Nor

Brannvesenet i fleire av landets største byar retta krass kritikk mot tryggleiken i nye tunnelar. No gir jernbanetilsynet Bane Nor kritikk.

Ny og gammel tunnel i Fløen

ULRIKSTUNNELEN: Den nye Ulrikstunnelen skal stå klar i 2023. Til venstre er dagens tunnelløp som opna i 1964.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Den nye Ulrikstunnelen på Bergensbanen skal avlasta det som er Nord-Europas mest belasta enkeltspor. Dagens enkeltspor har for dårleg kapasitet, og bygginga av nytt dobbeltspor er venta å vera ferdig i 2023.

Denne tunnelen hadde Bane Nor planlagt utan sløkkevatn og mekanisk ventilasjon.

Det betyr at den 7,8 kilometer lange tunnelen ikkje skulle ha vifter til å handtera røyk, og ikkje vatn gjennom tunnelen som kunne sløkka brannar.

No får Bane Nor kraftig kritikk.

I ein fersk tilsynsrapport kritiserer jernbanetilsynet tryggleiksnivået Bane Nor legg opp til i nye, norske tunnelar.

Både på Vestfoldbanen og Follobanen har Bane Nor lagt opp til same tryggleiksnivå som i Ulrikstunnelen.

– Me fryktar at Bane Nor sin nye praksis med å skulle bygga tunnelar utan sløkkevatn og mekanisk ventilasjon vil redusera tryggleiken, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

BRANNSJEF: Brannsjef Leif Linde i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ikkje godt nok

I juni omtalte NRK eit brev sendt frå brannsjefen i Bergen til Bane Nor.

Brevet innehald flengande kritikk mot det planlagde sikkerheitsnivået i det nye milliardprosjektet på Bergensbanen.

95 prosent av den nye tunnelen vil vera utan skikkeleg beredskap utan sløkkevatn, uttalte brannsjef Leif Linde i Bergen.

Han fekk støtte av Are Wendelborg Brandt, forskar ved Rise Fire Research.

– Å berre ha hydrantar på utsida av tunnelen føreset at ein må ha opptil 3,5 kilometer med slangeutlegg. Det er urealistisk, sa Brandt i juni.

Tverrtunnel i Ulrikstunnelen

NYE ULRIKSTUNNELEN: Biletet viser ein av 16 tverrtunnelar mellom nytt og gamalt løp i Ulrikstunnelen. Tunnelen blir ein av landets tryggaste fastslår Bane Nor, men dei vil ikkje legga vatn gjennom dei 7,8 kilometrane i fjellet.

Foto: Bane Nor

Avdekte to avvik

Brannsjefen si uromelding, i tillegg til uromeldingar frå mellom andre Vestfold interkommunale brannvesen, resulterte i at Jernbanetilsynet gjennomførte eit tilsynsmøte hos Bane Nor.

I tilsynsrapporten som blei offentleggjort torsdag, er det peikt på to avvik.

  • Ved bygging av nye jernbanetunnelar blir det lagt opp til det etablerte tryggleiksnivået blir redusert.
  • Ved bygging av nye jernbanetunnelar blir det ikkje i tilstrekkeleg grad lagt til rette for naudetatane sin innsats, slik at effektiv og trygg evakuering kan gjennomførast.

I Bane Nor sin rettleiar for planlegging av nye tunnelar (ekstern lenke), er det lagt opp til at det kan byggast nye jernbanetunnelar utan mekanisk ventilasjon eller postar for uttak av sløkkevatn inne i tunnelane.

Det er i denne rettleiaren tilsynet har avdekt to avvik.

– Me er fornøgde med å ha fått forståing for bekymringa me har. Både for tryggleiken i Ulrikstunnelen, men også for framtidige tunnelar over heile landet. Dette vil skapa presedens for andre utbyggingar, seier brannsjef Leif Linde om rapporten.

Brann i Ulrikstunnelen

ULRIKSTUNNELEN: I april i år braut det ut brann i ein mobil trafostasjon i anleggstunnelen mellom Arna og Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Bane Nor: – Usemje om røykvifter

I rapporten peikar jernbanetilsynet på at det har vore fem togbrannar med alvorlege konsekvensar dei siste ti åra.

– I ein tunnel kan ein brann få katastrofale følger for liv og helse. Det er ikkje alltid mogleg å køyra eit tog ut av ein brennande tunnel, til dømes dersom køyrestraumen blir borte, seier Reiersøl–Johnsen i jernbanetilsynet.

Statens jernbanetilsyn ber Bane NOR sannsynleggjera at dei også kan ta vare på eldre og funksjonshemma passasjerar. Desse vil vera avhengige av hjelp til å koma seg ut, dersom det skulle oppstå brann.

Teknisk direktør Knut Darre Christiansen uttalte i juni at risikoen for brann er svært låg, fordi Bane Nor har lagt til grunn tiltak for førebygging og redusering av skade og evakuering.

Pressesjef Thor Erik Skarpen seier Bane Nor vil retta seg etter dei krava som styresmaktene stiller.

Han seier usemja med brann- og redningsetatane primært har vore i spørsmålet om røykvifter.

– Røykviftene kan vera farlege for passasjerane. Bruk av viftene kan snarare redusera tryggleiken for passasjerane, sjølv om det blir sikrare for brannvesenet å ta seg inn frå rett ende.