NRK Meny
Normal

Snøvêr stengde jernbane, rullebane og fjellovergangar

Fleire delar av Sør-Noreg merka i dag restane av uvêret sundag.

Snøkaos på Flesland 12. februar

SNØPROBLEM: På Bergen lufthamn Flesland må rullebanen stengast med jamne mellomrom gjennom dagen på grunn av dei store snømengdene.

Foto: 03030-tipser

Restane av uvêret sundag sette spor på fjellovergangane i Sør-Noreg.

Sundag varsla meteorologane opp mot 70 cm snø enkelte stader, med Agder og område vest og sør i Telemark som dei mest utsette områda.

Fleire fjellovergangar har vore stengde, og flytrafikken til og frå Bergen lufthamn Flesland var forseinka.

Samtidig har Sørlandsbanen blitt stengd på grunn av store mengder snø på jernbana.

– Sørlandsbanen og Arendalsbanen er no opna for trafikk. Det opplyser Hilde Marie Bråthen i BaneNor. Persontrafikken kan no starta att, men kapasiteten kjem til å vera redusert ei tid framover, og folk må rekna med forseinkingar.

Laster Twitter-innhold
Audnedal stasjon

STENGD: Snøfall skapar store problem for togtrafikken på Sørlandet. Her frå Audnedal stasjon.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Forseinkingar i flytrafikken

Måndag held snøvêret fram fleire stader. I Bergen er flytrafikken frå Bergen lufthamn delvis lamma. Fleire avgangar er forseinka fordi rullebana må stengast for å ryddast for snø.

– Det blir truleg fleire små stopp innimellom. Me er snart over «peakperioden» i flytrafikken, så då får me tid til å rydda mellom avgangane. Men me reknar med fleire stopp utover dagen, seier fungerande lufthamndirektør Øystein Skaar.

Måndag ettermiddag er det framleis mange ankomstar og avgangar som er forseinka, og nokre er innstilte. .

Dei fleste fjellovergangane er opne

Sjølv om snøen lavar ned i Sør-Noreg, er restane av uvêret i ferd med å legga seg i høgfjellet. Det betyr betre køyreforhold mellom aust og vest.

– Det har vore ei vanskeleg helg, med mykje dårleg vêr og mange stengde vegar. No opna nettopp Hardangervidda for fri ferdsel. Viss vêret vert som meldt, blir det fine forhold utover måndagen, sa trafikkoperatør Idar Sangolt i Statens vegvesen til NRK like over klokka 06.

Kolonnekøyring ved Haugastøl

KOLONNE: Bommen ved Haugastøl på rv. 7 over Hardangervidda var nede måndag morgon. Det var ei stund kolonnekøyring for alle køyretøy, men vegen er no open.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

Riksveg 13 over Vikafjellet er opna.

På fylkesveg 50 Hol - Aurland er ryddearbeidet etter uvêret ferdig, og vegen er opna.

Laster Twitter-innhold

Det har vore fri ferdsel på E134 over Haukelifjell sidan måndag morgon.

Det var også problem på riksveg 7 over Hardangervidda sundag og natt til måndag, men det har vore ope for all trafikk også der sidan måndag morgon.

Laster Twitter-innhold

Slik er status klokka 2030:

  • Rv. 7 Hardangervidda–Open
  • E134 Haukelifjell–Open
  • E16 Filefjell–Open
  • Rv. 52 Hemsedalsfjell–Open
  • Fv. 50 Hol-Aurland–Open
  • Rv. 13 Vikafjellet–Open
  • E6 Dovrefjell–Open
  • Rv. 15 Strynefjellet–Open
  • Fv. 37 Rauland–Møsvatn–Open
  • Fv. 45 Hunnedalsveien–Stengd på grunn av fare for ras og uvêr. Blir ikkje opna i dag.