Hopp til innhold

Jentegjeng fekk rom fylt av ballar

I eit kollektiv i Bergen kan dei stupe i ballar.

Jentekollektiv fikk IKEA-baller

MYKJE BESØK: Når ein har eit rom fylt med ballar, er ein sjeldan heime aleine. F. v: Ingvild Eknes, Ida Beate Kvalsvik, Jorunn Evensen, Marit Skeie og Amanda Voldsund.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Jentekollektiv fikk IKEA-baller

BOMBE: Å bade i ballar er blitt ei eiga sportsgrein for jentene i Bergenskollektivet.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Eg har ikkje vore i eit ballrom sidan eg var tre år og tissa i eit, seier Ida Beate Kvalsvik.

Ballar til halsen

Men det var før helga. For no ligg ho henslengt i eit lite hav av ballar, heime i si eiga leilegheit. I kollektivet ho bur i har dei nemleg akkurat no sitt heilt eige ballrom.

– Det er utruleg mykje ein kan finne på med dei. Ball-zumba, synkronsymjing, stuping og berre å slappe av, seier ei av sambuarane, Amanda Voldsund.

Trøst

I studentkollektivet var dei fire venninner, men då ei av dei flytta ut, vart eit rom ståande tomt. Og då Ikea skulle markere nyopning i Åsane med å låne ut eit sett ballar, sendte kollektivjentene inn ein søknad.

– Dei var triste over å miste sambuarinna si, så då kunne me trøste dei med å fylle rommet hennar med ballar, seier varehussjef på Ikea Åsane, Odd Rune Bjørge.

Toler ein fest

Men sjølv om ballane kom på plass rett før helga, har det ikkje vore den typen feiring studentar kanskje er mest kjende for.

– Me tenkte på å ha fest her, men me var redde for å øydelegge ballane, seier Voldsund.

Det treng dei ikkje, seier varehussjefen kjapt då.

– Ballane er laga for ballrom på Ikea over heile verda, og skal tole det meste, så det er berre å slå seg laus, seier Bjørge.

Går ut over lesinga

Jentekollektiv fikk IKEA-baller

MYKJE MORO: Sjølv om soverommet ikkje er særleg stort, måtte det over 20 sekkar med ballar til.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Studinene må innrømme at det går med mykje tid til å boltre seg i dei blå og raude ballane.

– Det har nok gått litt ut over eksamenslesinga. Men me får skulde på Ikea om me stryk, så kan me kanskje få jobbe der i staden, ler Kvalsvik.

Sov i ballane

Då jentene fekk beskjed om at ballane skulle tilbake til Åsane dagen etter, tok dei med seg soveposar og ville overnatte i dei.

– Eg kan anbefale ei seng av ballar, det er faktisk veldig behageleg å ligge i dei, seier Voldsund.

Får ha dei lenger

No har dei fått ny beskjed om at dei skal få behalde ballane i alle fall i ei veke til, og det er det ingen av dei som ligg henslengt i ballhavet som har noko imot.

–Det er veldig kjekt å ha sine eigne ballar, meiner jentene.

Så spørst det om dei finn ein ny sambuar til det ledige rommet, som er like kjekk som ballane.

– Me skal nok leige ut att. Men kanskje me kan finansiere det med å ta inngangspengar i staden, seier Kvalsvik.

Vert vaska

Og om du lurer; ballane vert vaska om nokon tissar, spyr eller festar i dei.

– Me har ei eigen ballevaskemaskin, seier varehussjefen.