Hopp til innhold

– 17-åring angripen på veg til skulen

Politiet jaktar ukjent gjerningsmann etter at ei jente vart forsøkt overfallen på veg til bussen like etter klokka 7 onsdag morgon.

Operasjonsleder Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

LEITAR: Operasjonsleiar Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fortel om hendinga i Sveio. FOTO/REDIGERING: Jan Kåre Ness

Den 17 år gamle jenta var på veg til skulebussen, då ein ukjend gjerningsmann hoppa på ho bakfrå. Jenta ropte om hjelp og kom seg etter kvart laus.

Jente overfalt i Sveio sentrum

HUNDESØK: Politiet har onsdag førermiddag søkt i dette området etter spor etter gjerningsmannen.

Foto: Jan Kåre Næss

Dårleg signalement

– Ho tok seg til eit hus i nærleiken der ho kontakta oss. Ho var medtatt då ho snakka med oss, seier operasjonsleiar Rune Plassen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Dei har sett inn store ressursar i Sveio sentrum. Også hundepatruljar deltek i søket etter den ukjente gjerningsmannen.

Politiet har ikkje noko godt signalement av gjerningsmannen, noko som gjer jakta på vedkomande vanskeleg.

Sprang frå staden

Politiet har liten info om mannen. Han skal vera kledd i mørke klede og vart sett springande frå staden etter at jenta kom seg laus.

– Det er ei utriveleg hending, men heldigvis skal jenta ha kome frå det utan fysiske skader, seier Plassen.

Politiet er svært interesserte i tips i saka, og ber alle som har observasjonar frå Sveio sentrum etter klokka 07.00 om å ringe inn til telefon 02800.

– Vi søkjer med store ressursar og er interessert i så mykje informasjon som mogleg, avsluttar Plassen.

Klokka 11.00 er politiet framleis på leit etter gjerningsmannen. Hundepatruljen er kalla tilbake til Haugesund, men to politipatruljar held fram etterforskinga.

overfallsforsøk sveio