Jente (6) fekk hjernebløding og brotskadar – sjåføren slepp fengsel

Dottera (6) blei hardt skadd i frontkollisjon på E39. Faren er ikkje sint på bilisten som kom imot. – Eg gler meg til å treffa han og ta han i handa, seier Aage Herstad.

TRAF-8_20181202_174724.jpg

KOLLISJON: Ein raud Tesla frontkolliderte i ein mørk Volvo og deretter ein Citroën i Eikefettunnelen 2. desember i fjor. No er den 67 år gamle sjåføren dømt.

2. desember i fjor frontkolliderte to bilar i Eikefettunnelen på E39 i Lindås. Bilen som kom køyrande mot Bergen kryssa vegbana og kolliderte med to bilar som var på veg nordover.

Ei seks år gamal jente blei alvorleg skadd. Ho fekk hjernebløding, kragebeinsbrot og ribbeinsbrot. I tillegg fekk fem andre, fleire av dei barn, mindre skadar.

Familien i den eine bilen har tidlegare fortald NRK korleis dei opplevde ulukka.

– Eg tenkte at dette går til helvete, sa trebarnsfar Aage Herstad om sekundane før kollisjonen.

Kaja med mor og far

FAMILIEN: Seks år gamle Kaja Hammerseth Herstad med mora Julie Hammerseth Herstad og pappa Aage Herstad.

– Kunne gått verre

Ein 67-åring frå Bergen blei tiltalt for brot på vegtrafikklova sin paragraf om omsynsfull ferdsle i trafikken.

I Bergen tingrett 27. juni innrømde den tiltalte 67-åringen skuld for ulukka. Retten kom til at han handla aktlaust, og dømte mannen til fengsel på vilkår i 21 dagar og ei bot på 10.000 kroner.

Retten slår fast at 67-åringen anten sovna eller var uoppmerksam. Dei meiner skadane på 6-åringen og dei store materielle skadane tilseier ein streng reaksjon.

«Det er også snakk om en høyhastighetsulykke, som lett kunne endt med enda verre konsekvenser», heiter det i dommen.

Retten meiner det er formildande at 67-åringen har opptredd ansvarleg og i ettertid tatt på seg ansvaret for hendinga overfor dei andre involverte.

«Det antas at dette vil være til hjelp for dem fremover i bearbeidelsen av hendelsen», poengterer retten.

Trafikkulukke i Eikefettunnelen på E39

MATERIELLE SKADER: Retten poengterer at ulukka lett kunne ha enda med verre utfall. Det var alvorlege personskadar og store materielle skader etter kollisjonen.

Foto: Politiet

– I overkant strengt

67-åringen mister førarretten i tolv månader, og må så gjennomføra ny førarprøve.

Mannen kjem ikkje til å anka, seier han til NRK.

– Eg har hatt god kontakt med dei involverte partane sidan det skjedde, fortel han.

Sjølv meiner han ei inndragingsstraff på 12 månader var i hardaste laget.

– Eg synest det var litt strengt, men eg har ingen vanskar med å akseptera dommen, seier 67-åringen, som slepp fengsel om han ikkje bryt lova dei neste to åra.

Kø etter ulykke i Eikefettunnelen

LANGE KØAR: Eikefettunnelen på sterkt trafikkerte E39 var stengd i fleire timar etter kollisjonen.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Takknemleg familiefar

Aage Herstad seier i dag til NRK at han er takknemleg for at ulukka ikkje fekk meir alvorlege følger.

Den seks år gamle jenta er i dag i fysisk fin form, men er framleis prega etter det som skjedde. Herstad seier at familien ikkje ber nag til den no dømde bergensmannen.

– Eg er berre glad dette gjekk så bra. Han har opptredd veldig ryddig heile vegen. Eg gler meg til å treffa han og ta han i handa, seier Herstad om 67-åringen.