Hopp til innhold

Jente (12) påkøyrt av ein bil

Ei tolv år gammal jente er påkøyrt av ein bil ved Haukanesvegen, Tysse. Jenta er køyrt til Haukeland sjukehus.

Ei tolv år gammal jente er påkøyrt av ein bil ved Haukanesvegen i Tysse.

– Ho er sendt til akuttmotaket på Haukeland sjukehus, men ho skal ikkje vere alvorleg skada, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Jenta sat på ein sykkel då ho blei truffen av personbilen.

– Bilen har hatt ein fart på omlag 50 kilometer i timen då den traff jenta med fronten, seier Kolltveit.

Sjåføren av bilen er ikkje skada.

Politiet er framleis på staden.