Hopp til innhold

Jaktar gjerningsmann etter pistolran i Bergen

Ein mann storma inn på bensinstasjonen i Kanalveien og truga ei kvinneleg tilsett med pistol.

Essostasjon i Bergen rana

Ein mann rana denne Esso-stasjonen i Bergen med det som skal ha vore ein pistol. Han fekk med seg eit mindre pengebeløp.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meldinga kom inn til politiet like før klokka 00.30 i natt. Ein mann med pistol tok seg inn på Esso-stasjonen i Kanalveien sør for Bergen sentrum, og kravde å få pengar med seg.

Ei kvinne som var aleine på jobb gav han eit mindre pengebeløp, før pistolranaren gjekk frå staden i retning Kanalveien.

– Ho varsla oss på telefon og fortalde at ein mann kom inn i butikken og truga med ein pistolliknande gjenstand, seier operasjonsleiar Lars Geitle til NRK.

Jaktar framleis

Politiet jaktar no etter den engelsktalande mannen som var iført svart hettegenser og er mellom 170 til 180 cm høg. Klokka 05.00 er han framleis ikkje funne.

– Han hadde dekka til ansiktet sitt og snakka engelsk under ranet. Overvakingsvideoen syner ranet så det blir eit viktig spor framover, seier Geitle.

Politiet utstyrte seg ifølge Bergensavisen med automatvåpen då dei rykka ut på meldinga.

Esso-stasjon rana i Bergen

Bensinstasjonen har vore stengt sidan ranet i 00.15-tida.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tilsett får skryt

Ifølge politiet var ranet over på eitt til to minutt og den tilsette på jobb får skryt for å ha ufarleggjort situasjonen.

– Det er ikkje mykje pengar han har fått med seg. Den tilsette har tatt det fint.

Bensinstasjonen har vore stengt sidan ranet. Politiet har sett inn fleire ressursar for å finna ranaren, mellom anna ein hundepatrulje.

Esso-stasjon rana i Bergen

Ranaren var iført svart hettegensar, snakka engelsk og var mellom 170-180 centimeter høg. Han stakk av frå staden i retning Kanalveien.

Foto: Jon Bolstad / NRK