Hopp til innhold

– Sikta med pistol frå halv meters avstand

Pistolmann glapp for politiet i Bergen for andre gong på kort tid. – Dei to tilfella er påfallande nære.

Pistolmann Melkeplassen

To personar blei truga med våpen på Melkeplassen i Bergen natt til sundag.

Det var klokka 2.24 politiet fekk melding om episoden. Gjerningspersonen skal ha oppsøkt to personar som sat i ein bil og sikta mot dei med ein pistol frå ein halv meters avstand.

Tildekt og kledd i svart

– Personen skal ikkje ha sagt noko. Han skal ha sprunge av garde like etterpå, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt.

Fem politipatruljar leitte etter mannen, men like over halv fire i natt gav politiet opp søket.

Personane har vore i avhøyr sundag morgon.

Ifølgje vitneobservasjonar skal mannen vera om lag 1.60 meter høg. Han var tildekt frå nasen og ned og hatt på seg mørke klede.

Andre episode i same område

Også natt til fredag fekk politiet melding om ein liknande episode i det same området i Bergen, mellom Fyllingsdalen og Laksevåg.

Då fekk ein bilist som køyrde i området auge på ein person som sikta på han med eit våpen.

– Me veit ikkje om det er ein samanheng, men det er påfallande kor nært dei to tilfella har vore, seier Eidsnes.

Ifølge politiet skal dei to hendingane ha skjedd med nokre hundre meters avstand.

– Dette vil vera noko dei som sit med etterforskinga vil sjå nærare på.

Fleire i drukkenskapsarresten

Operasjonsleiaren omtalar elles natt til sundag som roleg. Likevel har fleire personar prestert å hamna i kasjotten i Bergen.

Klokka fekk politiet melding om slåstkamp ved Byparken. Ein mann i byrjinga av 20-åra hadde knust eit vindauge og teke kvelartak på ein vektar.

– Mannen var veldig utagerande og involvert i ein slåstkamp. Han kom òg med hatefulle ytringar mot ein utlending, opplyser Eidsnes.

I tillegg blanda ein annan mann seg i politiet sitt arbeid. Han tok dermed følgje med sin jamaldra ven.

Ifølgje Eidsnes er mannen meldt for trugslar, ordensforstyrring og hindring av offentleg tenestemann.

I tillegg kasta ein mann ein brustein gjennom ruta på ein leilegheit i Sandviken i natt. Han vedgjekk udåden etter å ha blitt spora opp av ein politipatrulje.

Av meir kuriøse nattehistorier melde politiet i natt om ein festdeltakar på Nordnes som sat fast i handjern. Festdeltakaren hadde av uklare grunnar teke desse med på fest, men lagt igjen nøklane heime. Den uheldige trengde assistanse då ein annan deltakar låste personen fast.