– Det er så spennande at eg ikkje torer å ta blikket frå sjøen!
Jostein Hillersøy stirar med skjerpa blikk ut over havoverflata. Han speidar etter ein sjeldan fangst.
I februar varsla Havforskingsinstituttet at fiskarar igjen skulle få leggje ut på leit etter makrellstørje. Det var godt nytt for fiskarane som dei siste 30 åra ikkje har kunne drive kommersiell fiske på makrellstørjen. Tore Jan Hillersøy har venta lenge på å få oppleve dette att.
– Det er utruleg spennande. Viss du hadde fått oppleve å vere med på eit kast med størje, så hadde du forstått kvifor me har lyst til å prøve det att.
LES OGSÅ:
– Størjefiske får du ikkje ut av blodet
På 60 talet var fisket etter makrellstørje, eller blåfinna tunfisk, på toppen i Noreg. Sidan har arten vore nær utrydda og forsvann frå våre farvatn. Den sjeldne fisken kan vege over 500 kilo og bli tre meter lang. Den kryssar Atlanterhavet på 50 dagar og kan halde ein toppfart på 70 kilometer i timen.
No har arten styrka seg så mykje at den igjen svømmer utanfor norskekysten.
LES OGSÅ:
Sjølv om norske fiskarar ikkje har fått fiske etter den verdifulle fisken på fleire tiår har norske fiskarar tidlegare fiska svært mykje makrellstørje. Det er ei tid Tore Jan Hillersøy hugsar godt.
– Størjefiske er slikt ein aldri får ut av blodet att. Når me hadde vore med på det, så trur eg det var mange som tenkte «tenk om me kunne få vere med på dette igjen».
Ute i båten Hillersøy håpar dei to fiskarane å få auge på makrellstørja. Dessverre enda denne fisketuren utan fangst. Men dei to entusiastane held heile veka fram jakta på den verdifulle fangsten.