NRK Meny
Normal

– Han forsøkte å køyre på oss fleire gongar

I eit halvt døgn var Eirik Vik med på å jage tjuven som hadde stelt brannvesenet sin splitter nye båt. – Det blei ei ganske dramatisk natt, fortel han.

Dramatisk båtjakt

Eirik Vik i Team X var med på å fange tjuven som stakk av med Øygarden brannvesen sin nye båt.

Foto: Privat/Øygarden kommune

Vik arbeider i firmaet Team X som til vanleg driv med forskjellige arrangement, som havsafari og rafting i RIB-båtar.

I går fekk dei derimot eit litt uvanleg oppdrag.

Brannvesenet i Øygarden blei natt til fredag fråstelt ein flunkande ny båt til rundt 550.000 kroner, og no trengde dei hjelp til å fange tjuven.

– Vi heiv oss i båten, og kunne sjå på sporinga at båten at låg i Austrheim. Då vi nærma oss møtte vi på han. Han skjønte nok kva vi ville, for han stakk av og la kursen vestover, fortel Vik.

Dermed var to raske båtar i gang med ein katt- og mus-leik som skulle vare heilt til halv fire same natt.

Dramatisk båtjakt

Tjuven la kursen rett vest, og Vik og mannskapet i RIB-båten la seg etter.

– Vi køyrde langt vestover. Halvegs mot Troll-feltet. Eg hadde ingen problem med å halde følgje, men plutseleg blei det veldig dramatisk. Han la over og forsøkte å køyre på oss fleire gongar, fortel Vik.

Brannvesenet sin båt kan gå rundt 35 knop, medan RIB-båten Vik køyrde har ein toppfart på 50 knop.

KV Aalesund

KV Aalesund plukka til slutt opp både tjuven og mannskapet om bord i RIB-båten.

Foto: Privat

Venta på han skulle gå tom for drivstoff

Etter dette bestemte Vik og brannmennene om bord å legge seg litt lenger bak, slik at dei var på trygg avstand utan å miste han av syne.

– Det blei ein venteleik der vi låg bak å venta på at han skulle gå tom for drivstoff. Ut på natta begynte det å bli litt kritisk for oss også, men eg hadde kontroll, fortel Vik.

Til slutt gjekk tjuven tom for drivstoff og båten stoppa. Då hadde dei køyrt heilt ifrå Øygarden i Hordaland til Solund kommune i Sogn og Fjordane.

Laster kart, vennligst vent...

Tjuven køyrde både på kryss og tvers på si ferd frå Blomvågen i Øygarden til havet utanfor Utvær i Solund.

Hakka tenner

Vêret var blitt verre utover natta, og mot slutten av jakta fortel Vik om bølgjer på rundt fire meter utanfor Utvær.

– Eg hakka tenner som berre det. Vi låg og venta på at kystvakta skulle kome å plukke han opp. Vi måtte halde eit auge med han, så det ikkje plutseleg blei ein redningsaksjon, fortel han.

Rundt klokka to i natt kom kystvaktfartøyet KV Aalesund. Dei henta opp tjuven, og deretter mannskapet i RIB-båten.

– No er eg vanvitig sliten. Vi var i seng rundt 03.30 i natt, så det var godt å kome i land i dag, sa Vik til NRK laurdag ettermiddag.

Brannvesenet sin stjelte båt og RIB-båt slept heim av KV Aalesund

I dag slepte KV Aalesund både brannvesenet sin båt og RIB-båten til Team X tilbake til land.

Foto: Privat

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.