Mannen i 60-åra blei funnen skoten og drepen på eit industriområde ved Mjåtveit på Frekhaug i Meland kommune.
Melde seg på politistasjonen
Væpna politi sperra av området, og har i heile ettermiddag jakta på den namngjevne gjerningsmannen.
Mannen som no er pågripen for ugjerninga, melde seg sjølv inn på politistasjonen i Bergen sentrum i firetida i ettermiddag.
- Han sit no i forvaring, opplyser lensmannen i Lindås og Meland, Einar Vatne.
Politiet kan førebels ikkje seia noko om mannen eller kva forholde han hadde til den drepne. Det einaste dei går ut med er at han er frå Nordhordland.
To vitne til skotdramaet
To vitne som såg skotdramaet blir no avhøyrte av politiet, og i tillegg blir det gjort krimtekniske undersøkingar.
Jourhavande jurist ved Hordaland politidistrikt, Ole Bjørn Mevatne, opplyser til NRK at den pågripne mannen truleg vil bli avhøyrt for første gong i kveld.
- Han vil mest sannsynleg vil bli framstilt for varetektsfengsling i morgon, fortel Mevatne.
Drepen på eit industriområde
Åstaden ligg på eit industriområde på Mjåtveitflaten i Meland kommune, og området husar ein del verksemder og butikkar.
Det ligg også ein barnehage i nærleiken av staden der skotdramaet har skjedd.
Politiet fekk meldinga om skyteepisoden gjennom AMK fredag ettermiddag klokka 13.
Foto: Janne-Marit Myklebust/NRK