NRK Meny
Normal

Ja til nybygg på NHH

Statsminister Jens Stoltenberg godkjente i helga planane for nybygg på NHH.

Norges Handelshøyskole

I april startar byggjinga av nybygget til NHH til 400 millionar kroner.

Foto: Norges Handelshøyskole

– Me er veldig glade for å få det endelege klarsignalet til nybygg for NHH. Dette har me sett fram til, seier rektor Jan I. Haaland i ei pressemelding.

Statsbygg skal byggja og eiga bygget til 400 millionar kroner, medan Handelshøgskulen vert leigetakar. Etter planen startar bygginga i april neste år og heile bygget skal vera i bruk våren 2013.

- Nybygget vil markera den viktigaste bygningsmessige utvikling for NHH sidan høgskulen flytta til Sandviken i 1963. Det er derfor eit visst historisk sus over byggjestart samstundes som NHH feirar 75-årsjubileum i 2011, seier Haaland i pressemeldinga.

Bygget vil utvida bygningsmassen til NHH med 13.000 kvadratmeter.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017