Kommunale saksbehandlarar gav 10. januar rammeløyve til eit nytt 70. 000 kvadratmeter stort kjøpesenter i Åsane. Verken politikarane, fylkeskommunen, Fylkesmannen eller andre som skulle sagt sitt, hadde blitt informert.
Det var BA som fortalde om løyvet til å byggja Haukås Senter – like stort som Lagunen.
– Har aldri sett makan
Fylkesmannen i Hordaland oppdaga løyvet tilfeldig, og avgjorde 17. januar at det var ugyldig.
– Eg har aldri sett makan til feil sakshandsaming. Det er gjort svært mange feil, og stikk i strid med kommunen sine eigne planar, seier fagdirektør Svein Kragerud til NRK.
Det same meiner byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap), som ikkje visste om løyvet før Fylkesmannen reagerte.
– Her er gjort lag på lag med feil. Eg er rysta.
Etaten slår tilbake...
Men direktør Mette Svanes i plan- og bygningsetaten godtar ikkje kritikken utan vidare.
– Det er ikkje opplagt at byggesaksavdelinga har gjort sakshandsamingsfeil. I byggesaker må me ha heimel for å gi avslag. Fagetaten har vurdert at kjøpesenteret er i tråd med reguleringsplanen og den gjeldande kommuneplanen.
Det meiner også TAG Arkitekter Oslo, som er ansvarleg søkar for utbyggjaren.
– Noko av det Fylkesmannen skriv kjenner me oss ikkje att i, seier dagleg leiar Lars Eirik Ulseth til NRK.
BT har fått tilgang på eit notat der plan- og bygningsetaten svarar på kritikken.
Avdelingsleiar Eivind Lund skriv mellom anna at rammeløyvet «er basert på at omsøkte tiltak er i samsvar med gjeldende plan, og at søknaden følgelig ikke kan avslås».
... men legg seg flat
Likevel vedgår Svanes at løyvet ikkje skulle vore gitt.
– Me ser heilt opplagt at det ikkje bør byggjast eit nytt kjøpesenter i Åsane. Det legg eg meg flat for.
I notatet vedgår Lund at byggesaksavdelinga kan ha gjort feil på eitt punkt. Vedtaket strir mot «Regional plan for attraktive senter» frå 2014.
– Det har dei siste åra vore gitt tydelege politiske signal om at Åsane har meir enn nok trafikkjungel og kjøpesenter, seier Tryti.
– Eg tar på mi kappe at me ikkje har gitt nok signal til å få bjøllene til å ringa hjå saksbehandlarane, vedgår Svanes, som ikkje kjende til saka på førehand.
Mistenker ikkje korrupsjon
– Har det vore ulovlege personkoblingar her?
– Nei, det trur eg slett ikkje. Eg føler meg ganske trygg. Me har veldig gode system mot korrupsjon, seier Svanes.
– Fylkesmannen kjenner ikkje til ulovlegheiter, men det ville uansett ikkje vore synleg i det skriftlege rammeløyvet, seier Kragerud.
–Eg vil ikkje spekulera. No ventar eg på eg internrapporten før me vurderer tiltak, seier Tryti.