Hopp til innhold

Ivar var død i over 13 minutt

Ivar Fammestad kan takka dottera for at han er i live. Men ny undersøking viser at nordmenn har urealistisk stor tru på eigne førstehjelpkunnskaper.

Ivar takkar dottera for livet

KJEMPA FOR FAREN: Elisabeth Ivarsdatter Fammestad kjempa iherdig for å få liv i faren då hjartet hans stoppa palmesundag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ivar Fammestad og Elisabeth Ivarsdatter Fammestad

I SOLA: Ivar Fammestad og dottera Elisabeth Ivarsdatter Fammestad veit å verdsetta tida dei har i lag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Far og dotter sitt i solveggen heime på landlege Fammestad i Lindås. Med hunden «Bobbi» svinsande rundt anklane, nyt Ivar Fammestad og Elisabeth Ivarsdatter Fammestad sommarvarmen i kvar sin hagestol.

Det som er annleis denne sommaren er at dei to ikkje lenger tar familiehygga for gitt.

For vel to månader sidan slutta hjartet til Ivar å slå.

– At Elisabeth var her, var skilnaden på liv og død. Hadde ikkje ho vore her, ville ikkje eg ha vore her i dag, seier Ivar Fammestad til NRK.no.

Fisketur på isen

At Elisabeth var her, var skilnaden på liv og død. Hadde ikkje ho vore her, ville ikkje eg ha vore her i dag.

Ivar Fammestad

Palmesundag skulle òg ha vore strålande. Ivar hadde planen klar. Den uvanleg kalde vestlandsvinteren hadde ført til ypparlege forhold for isfiske på vatnet like ved. Starten på påskehøgtida skulle nytast der, med fiske, bål og ein kaffikopp i det fri.

I det Ivar får dreis på bålet, kjenner han at noko er alvorleg gale. Det stikk til i brystet. Smertene held ikkje opp. Ivar får hjelp til å komma seg i hus.

Ingen tid å mista

Tårene kom ikkje før etterpå. Der og då handla det berre om å vera assistenten til hjarta til pappa.

Elisabeth Ivarsdatter Fammestad

Dottera Elisabeth er på veg ut i det faren kjem inn døra. Litt seint ute til eit ærend. Ho ser at faren har mista den vanlege ansiktsfargen og ser heilt grå ut. Dottera går ned i kjellaren for å finna telefonen for å ringa etter ambulanse.

I det ho har fått svar, og er på veg opp att trappa, høyrer ho illevarslande gurglelydar frå stova. I lenestolen finn ho faren livlaus. Kvinna på AMK-sentralen har fått høyra at faren er bleik og høyrer gurglelydane gjennom telefonen. Ho er ikkje tvil. Her er det inga tid å mista.

– Eg tok tak i beina til pappa og drog han ned på golvet. Eg la hovudet hans bakover slik at han skulle ha frie luftvegar. Eg visste med meg sjølv at eg berre hadde ei oppgåve. Eg skulle hjelpa hjartet til pappa. Så var dramaet i gang.

Ivar Fammestad var død i over 13 minutt palmesundag. Han kan takka luftambulansen og dottera sin innsats som livreddar for at han lever.

Video: Ivar Fammestad takkar dottera, AMK-sentralen og luftambulansen for at han er i live.

Under 20 prosent kan det mest elementære

Ei fersk undersøking viser at nordmenn har overdriven tru på eigne evner som livreddarar.

I ei undersøking Ipsos MMI har utført for Norsk Luftambulanse svarar nesten ni av ti nordmenn at dei veit korleis dei skal sikra frie luftvegar.

Men: Når dei vert spurd om kva dei faktisk skal gjera, er det under to av ti av som veit korleis ein sikrar frie luftvegar.

– Vil kunna ta liv

Steinar Sellevold, Norsk luftambulanse

UROA: Regionleiar i Norsk Luftambulanse Steinar Sellevold er uroa over at så mange ikkje veit kva dei skal gjera om dei kjem først til ulukkesstaden.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Regionleiar i Norsk Luftambulanse på Vestlandet, Steinar Sellevold, meiner tala ikkje berre er nedslåande. Dei er livsfarlege og fører til at liv som kunne vore berga, går tapt.

– Det er alt for dårleg og vil rett og slett kunna ta liv, seier Sellevold.

Å sikra frie luftvegar er det mest essensielle innan livredning.

– Om ein ikkje kan pusta dør ein. Etter to til tre minutt utan oksygen tar hjernen skade av det, Det mest essensielle med all førstehjelp er å la pasienten få pusta, seier Sellevold.

Instruktørar frå Norsk Luftambulanse demonstrerer kva du skal gjera om du kjem først til ulukkesstaden etter ei trafikkulukke.

Video: Slik sikrar du frie luftvegar om du kjem først til ulukkesstaden etter ei trafikkulukke.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Først på ulukkesstaden» i nytt vindu

Dei yngste og eldste kan minst

Undersøkinga viser at det er dei eldste og yngste som i minst grad kjenner prosedyrane. Medan 26 prosent av dei mellom 25 og 39 kjenner til kva ein skal gjera, veit høvesvis 16 og 17 prosent av dei under 25 og over 60 korleis ein sikrar frie luftvegar.

Vestlendingane er dårlegast i klassen.

– Dei fleste får god hjelp

Guttorm Brattebø

STÅR BETRE TIL: Seksjonsoverlege Guttorm Brattebø kjenner seg ikkje att i undersøkinga frå Norsk Luftambulanse.

Foto: Anders M. Leines / NRK

Leiar for akuttmedisinsk seksjon i Helse Bergen, Guttorm Brattebø, kjenner seg ikkje att i at det står så dårleg til med førstehjelpskunnskapane til nordmenn.

– Mitt klare inntrykk er at dei aller fleste får god hjelp av sine nærmaste når noko skjer. Eg trur det er langt større sjanse for å møta på nokon som kan førstehjelp i Noreg, enn i land me kan samanlikna oss med, seier Brattebø.

Han meiner det er viktig at folk tar førstehjelpskurs og set seg inn i kva ein skal gjera om ein kjem opp i ein krisesituasjon, men vil ikkje vera med på nokon svartmåling av kunnskapane til Ola og Kari.

– Me er slettes ikkje noko utviklingsland når det gjeld førstehjelp, seier seksjonsoverlegen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Gjenoppliving» i nytt vindu

– Slo meg ikkje at pappa var død

Hjarteredning

REKONSTRUKSJON: Elisabeth Ivarsdatter Fammestad viser korleis ho gjekk fram då hjartet til faren stoppa.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I stova på Fammestad føler Elisabeth at tida står stille. Med mora ved sida av seg, gjer ho det ho kan får å hjelpa hjartet til faren.

– Eg var så fokusert at eg ikkje tenkte på at pappa var død. Kanskje eit lite overlevingsinstinkt for meg sjølv, seier Elisabeth Ivarsdatter Fammestad om dramaet som utspelte seg i stova palmesundag.

I om lag 15 minutt heldt ho på med intensiv hjarteredning, før luftambulansen kjem seg til Fammestad og tek over.

– Var i sjokktilstand

Medan ambulansepersonellet heldt fram med livredding og fann fram defibrillatoren – hjartestartaren, sette Elisabeth seg ned og følgde med.

Dei hadde det mykje tøffare enn meg. Dottera mi hadde ein far som var død og kona mi hadde ein mann som var død.

Ivar Fammestad

– Eg sat der og følte at eg rista. Eg hadde så mykje adrenalin i kroppen at eg kunne halde på mykje lenger.

Den første støyten vert gitt, utan at noko skjer. Deretter vert styrken skrudd opp. Den andre støyten har effekt: Hjarterytmen til faren er tilbake.

– Det var først då tårene kom. Der og då handla det berre om å vera assistenten til hjarta til pappa. No i ettertid ser eg at eg var i ein sjokktilstand då pappa fekk støyt, seier Elisabeth.

– Vanskeleg å forstå

Det skulle gå to heile dagar før Ivar hugsar noko som helst. I senga på Haukeland universitetssjukehus får han beskjeden frå AMK-sentralen om at han hadde vore død i 13 minutt og 15 sekund.

– Det var og er framleis vanskeleg å forstå. Det er vanskeleg å innsjå at eg har vore død.

Ivar takkar dottera, AMK-sentralen, sjukehuset og ambulansepersonellet for at han overlevde opplevinga palmesundag. Han har vanskeleg for å setja seg inn i situasjonen til dottera og kona som opplevde alt det han sjølv ikkje kan hugsa.

– Dei hadde det mykje tøffare enn meg. Dottera mi hadde ein far som var død og kona mi hadde ein mann som var død. I starten sat kona mi på kne og gret om eg snorka om natta. Lydane eg laga då eg var borte sitt i. Dei hadde jo ei veldig traumatisk oppleving.

– Det å vita at du skuldar nokon så mykje er vanskeleg å tenkja på. Kva kan ein gjera til gjengjeld?

Sellevold frå Norsk Luftambulanse kan nesten ikkje få sagt kor viktig innsatsen til Elisabeth og andre i same situasjon er.

– Skilnaden mellom hjarteredning og det å ikkje gjera noko er skilnaden på liv og død. For kvart minutt som går vert sjansen for å overleva redusert med ti prosent. Om luftambulanse eller ambulanse kjem fram utan at noko vert gjort er sjansane minimale, seier Steinar Sellevold.

Regionleiar i Norsk Luftambulanse Steinar Sellevold meiner farleg få veit kva dei skal gjera om dei kjem først til ulukkesstaden.

Video: Steinar Sellevold i Norsk Luftambulanse meiner nordmenn kan for lite førstehjelp.

– Lær deg førstehjelp

Ivar Fammestad og Elisabeth Ivarsdatter Fammestad

TAKKAR DOTTERA: Ivar Fammestad veit ikkje korleis han skal takka innsatsen dottera la ned då hjartet hans stoppa.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ivar og Elisabeth synst det er urovekkjande at ikkje fleire veit kva dei skal gjera om dei kjem først til ein person som treng akutt førstehjelp.

– Eg er jo litt redd fordi det er så mange som ikkje kan førstehjelp. Viss eg skulle oppleva noko slikt, vil eg vera sikker på at eg kan få hjelp. Så mi oppfordring er klar: Lær deg førstehjelp, seier Elisabeth.

– Men på same tid er me jo velsigna som bur i eit land der ein har utstyr til å senda ut. Me bur langt utpå bondelandet, men helikopteret kom fram i tide, seier Ivar, som ikkje veit korleis han skal få takka dei som sytte for at han får nyta ein ny sommar i solveggen på Fammestad.