Hopp til innhold

Isras traff bil

Ein personbil fekk store skader då eit isras gjekk over E16 ved Bulken. Ein person var i bilen, men kom uskadd frå hendinga. Bilbergar er på staden og tauar med seg bilen. Statens vegvesen sender ut mannskaper for å rydda vegen. Eitt kjørefelt er opent forbi staden.