NRK Meny
Normal

Sola fekk bybanen i gang igjen

Det blei full stopp for bybanen i Bergen på grunn av ising på køyreleidningen. – Det er heilt ekstremt, eg har aldri sett på maken, seier driftssjefen.

Is stoppar bybanen

VAR UTE AV DRIFT: Is på køyreleidningen skapa trøbbel for bybanetrafikken i dag. Klokka 12.35 var banen i drift att.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Klokka 12.35 opplyser Bybanen AS at trafikken har kome i gang igjen.

Problema starta i dag tidleg, og det vanlege tiltaket mot ising på bybanen hadde svært kortvarig effekt.

– Vi spylte avisingsvæske på køyreleidningen, men det fraus igjen med ein gang. Det er heilt ekstremt. Eg har aldri sett på maken, seier driftssjef Knut Serigstad i Bybanen AS til NRK.no.

Han reknar med at sola har gjort sitt til at isproblemet blei mindre utover føremiddagen.

– I løpet av ein time skal all trafikken gå som normalt, seier Serigstad.

Det blei sett opp ei ekstra buss Nesttun og Lagunen så lenge bybanen var ute av drift.

– Vi beklagar konsekvensane dette får for våre reisande, skriv Skyss i ei driftsmelding på nettsidene sine.