Hopp til innhold

Irene frykta det verste då invitasjonen til kongebursdagen kom

Irene Kinunda Afriyie frå Kongo trudde ho skulle bli kasta ut av landet då ho fekk brev om kongeparets 80-årsfeiring, signert Utenriksdepartementet.

Irene Kinunda Afriyie er blant dei 300 som er invitert til kongeparets feiring i operaen

KONGEFEST: Irene Kinunda Afriyie frå Kongo er blant dei 300 gjestene som er invitert til festmiddag for kongeparet onsdag kveld. Høyr kva ho tenkte då ho fekk invitasjonen.

Onsdag kveld arrangerer regjeringa festmiddag i operaen for kongeparet og deira 300 gjester. Middagen er regjeringa si gåve til kongeparet i høve 80-årsdagane.

Ei av dei mange som er inviterte til å delta er Irene Kinunda Afriyie frå Bergen.

Den kongolesiske kvinna kom til byen som 16-åring, og underviser til vanleg norsk for flyktningar på Askøy. 26-åringen er kanskje mest kjend frå integreringsprogrammet Fargespill, sceneshowet i Bergen som tidlegare er nominert til Spelemann.

Men dette blir ikkje første gong Afriyie møter kongelege. Gjennom rolla som Fargespill-ambassadør har ho treft kongefamilien ved fleire høve.

– Eg har sunge for kongeparet og kronprinsparet mange gongar. Eg tippar det er difor eg er invitert. Dei såg meg sikkert på scena og tenkte «ho der må me invitera», seier Afriyie.

Irene Kinunda Afriyie og brev fra UD

FRÅ UD: Slik såg brevet som dumpa ned i postkassa til Irene ut. – Eg tenkte: Kva har eg gjort?

Foto: Privat

Blei redd då ho fekk brevet

Invitasjonen dukka opp i postkassen. Men konvolutten som kom frå Utanriksdepartementet, gjorde Afriyie nervøs.

– Det var kjempeskummelt. Eg tenkte: Kva har eg gjort? Blir eg deportert?, fortel 26-åringen lattermildt.

  • Høyr innslaget her:

Ei norsk venninne på besøk føreslo at ho skulle sveltestreika viss brevet var eit utsendingskrav.

Letta var difor stor då Afriyie skjøna at det slett ikkje var ein utvisingsordre, men ein invitasjon frå Det kongelege slott.

– Eg trudde det var noko skikkeleg dramatisk. Det er stort å bli invitert i feiringa til kongeparet.

Kong Harald og dronning Sonja feirer sine 80-årsdager

RUNDE DAGAR: Kong Harald og dronning Sonja feirar sine 80-årsdagar. Kongeparet helsar publikum frå slottsbalkongen under markeringa tysdag kveld.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Kebab med kronprinsen

For ti år sidan flykta Afriyie til Noreg frå ein blodig krig i heimlandet.

Hennar far, mor og tre søsken blei drepne av tutsi-krigarar frå Rwanda. Sjølv klarte ho å flykta og kom til Noreg som 16-åring.

Den blodige historia om det som skjedde har ho tidlegare fortalt NRK.

Då ho først sette beina sine på norsk jord visste ho ikkje at Noreg hadde monarki. Og i alle fall ikkje at dei var så folkelege, seier ho.

– Eg har vore med dei nokre gongar og dei verkar fantastiske. Dei ser ikkje ned på «oss vanlege», men gjer inntrykk av at dei er ein av oss.

Irene Kinunda Afriyie

TIL TOPPS MED PRINSEN: Irene Kinunda Afriyie har møtt kongelege før.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tidlegare har læraren og artisten gått til Galdhøpiggen med Kronprins Haakon.

– Eg masa så mykje på vegen at eg trur han hugsar meg. På skikkeleg «kebabnorsk» spurte eg kvifor han som kronprins aldri hadde vore på Galdhøpiggen før.

Til kongeparet tek artisten med den nyaste sceneproduksjonen til Fargespill, som er gjort i lag med KORK.

– Eg håpar det blir god mat og ikkje berre ei reke og eit blad. Viss ikkje blir det kebab med kronprinsen etterpå.