Hopp til innhold

Ipadfunn gir håp om å løyse mysteriet

– Vêret kan ha lurt dei til å tru at flyet var lenger frå bakken enn dei eigentleg var, seier Tormod Veiby i havarikomitéen. Ein ipad kan gi dei svaret.

Mikrofly styrta på Voss

MYSTERIUM: Kva som skjedde i tida rett før flyet hamna her er framleis ukjend. No kan ein ipad kanskje hjelpe med å finne fleire svar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det har nesten gått ei veke sidan mikroflyet vart funne styrta i Volavatnet i Vossafjella. Dagen etter vart Kjartan Andvik (33) og Trym Gram-Knutsen (48) funne omkomne inne i flyet.

Undersøkingar av flyet synet ingen teikn til tekniske årsaker, og så langt er flystyrten eit mysterium. Men ein ipad funnen i flyet gir Luftsportforbundet sin havarikomité eit lite håp om at mysteriet kan bli oppklart, skriv BT.

– Vi håpar å hente ut ei reiserute som kan seie noko om flyhøvet i områda dei har vore i, seier Tormod Veiby i havarikomitéen til NRK.

Funnen knust under vatn

Tormod Veiby

FORVENTAR INGENTING: Tormod Veiby i havarikomitéen har ikkje store forventningar til funnet av den knuste ipaden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ipaden vart funnen knust under vatn, og sjansane er ifølgje Veiby marginale. Likevel vil dei prøve.

– Den var godt knust og hadde vel lege under vatn i eit halvanna døgn. Vi vil uansett gjere eit forsøk på å sjå om det er noko å hente, men det er ingenting vi knyt store forventningar til, seier Veiby til NRK.

Om ein skulle klare å hente informasjon frå ipaden er det i hovudsak snakk om ei flyrute, og ingenting om flyhøgde og fart. Men sjølv om ein skulle klare å få liv i ipaden igjen er ein avhengig av at riktig kartprogram er installert.

– Vi veit jo kor dei enda, så det kan vere avgrensa informasjon å få ut av det sjølv om det skulle fungere, seier Veiby.

– Kan seie noko om flyhøve

Skulle ein klare å hente fram ei flyrute er det mogleg at den kan peike på moglege årsaker til styrten. Då kan dei vurdere ruta opp mot vêrhøve i området flyet har vore i, for til dømes å sjå om dei kan ha blitt blenda av skarp sol slik at dei har flydd lågare enn dei trudde.

– Det er ein del slike ekstra krevjande moment som kan gjere at ein ikkje er akkurat slik ein trudde du gjorde i høve til sikker høgde frå bakken, fortel Veiby.

Med unntak av ipaden har havarikomitéen lite å gå etter. Etter å ha gjennomført dei første undersøkingane i førre veke konkluderte dei med at det ikkje var nokon feil på flyet og at det ikkje var snakk om eit mislukka landingsforsøk.

– Det er ein konklusjon som eigentleg berre har blitt styrka når ein no har fått tid og høve til å reflektere litt meir samt undersøke ein del andre ting i fred og ro.

– Etterforskinga kan ta månader

Ivar Hellene

LITE NYTT: Lensmann Ivar Hellene seier politiet i stor grad lenar seg på havarikomitéen sin fagkompetanse i etterforskinga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Dei er framleis ikkje heilt ferdig med undersøkingane, men ifølgje Veiby vil dei resterande undersøkingane i hovudsak dreie seg om å eliminere andre årsaksmoglegheiter. Rapporten vil først vere klar om nokre veker, ifølgje Veiby.

Lensmann på Voss, Ivar Hellene, seier at det ikkje er så mykje nytt å seie om saka på noverande tidspunkt. Det er politiet som koordinerer etterforskinga, men Hellene seier at dei i stor grad lenar seg på havarikomitéen.

– Vi må støtte oss på fagfolk slik vi må i mange andre saker. Vi har gjort undersøkingar seinast i helga og det vil ta veker, kanskje månader, før vi har kome gjennom alt, seier han.

Hellene har ikkje direkte kjennskap til ipaden, men seier at politiet også vil ha eit ansvar når det kjem til å sende den inn til ekspertar for å prøve å hente ut informasjon.

Flystyrt 1

TO OMKOM: To personar omkom i flystyrten i Vossafjella. Først dagen etter flyet vart funne vart dei omkomne frakta ut og ned frå fjellet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK