NRK Meny
Normal

Inviterte 15 personar – så kom det over 100

Ein heime aleine-fest gjekk over styr på Nesttun. Ein mann vart brutalt slått ned i Bergen sentrum. Innbrotstjuv tatt på fersken. Slik var natta for politiet i Hordaland.

– Det har vore mykje folk ute, slik som det vanlegvis er natt til søndag. Vi har hatt ein del ordensforstyrringar, knuffing og bråk, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Hordaland politidistrikt.

For politipatruljane starta kvelden klokka 22.50 med melding om mykje bråk og mange ungdommar ved ein einebustad på Nesttun sør for Bergen sentrum.

– Det er ein heime aleine-fest som har gått over styr. Mykje ungdom i området og fleire av dei var mindreårige og rusa. Patruljane fant over tretti personar som festa utanfor huset, noko som har ført til mykje støy, fortel Magnussen.

Dukka opp 100 personar

Ifølge politiet skal det ha vore femten personar som var invitert til heime aleine-festen, men det dukka opp over 100.

– Det er slik det er blitt i dag. Med Facebook og andre sosiale medier spreier slike festar seg fort, seier Magnussen.

Det vart også gjort ein heil del skadeverk i området, men politiet fekk til slutt tømt huset og området for folk.

Mann slått ned

I 04.00-tida vart ein mann i 20-åra brutalt slått ned av to menn i Rasmus Meyers Alle i Bergen sentrum.

Valden skal ha skjedd heilt uprovosert. Dei to gjerningsmennene sprang frå staden men vart henta inn igjen av politipatruljen.

– Forholdet skjedde heilt uprovosert så vi ser på dette som alvorleg. Dei to vart sett i fengsling forvaring og vil måtte møte i avhøyr i løpet av søndagen, opplyser Magnussen.

Mannen i 20-åra blødde frå hovudet og ambulansepersonell tok han med seg til legevakta for ein sjekk.

Fakka tjuv på fersken

Det har vore fleire ordensforstyrringar i natt, mellom anna i Håkonsgaten der ein person sparka etter ein anna.

Her vart ikkje nokon tatt med i arresten, men politiet vil følgje opp saka i ettertid.

Det vart også meldt om eit innbrot i Steinkjellergaten i Bergen i natt. Politiet var raskt på staden og fekk fakk innbrotstjuven på fersken.

Mannen vart tatt med av politipatruljen og sett i arresten.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik