Hopp til innhold

Intenst regnvær skapar problem

Brannvesenet rykka ut for tredje gang i dag grunna store nedbørsmengder.

Vei i Sædalen i Bergen oversvømt, fare for at veien vaskes ut.

Det skal kome eit hundre millimeter nedbør på eit døgn i deler av fylket vårt, men allereie har fleire møtt problem etter dei store nedbørsmengdene.

I Sædalen i Fana i Bergen er ein veg i fare for å rett og slett bli skylt vekk.

Brannvesenet rykka ut til ein lågblokk i Eliasmarken på Laksevåg i Bergen, der ein bustad var trua av overfløyming på grunn av nedbørsmengdene.

Vannlekkasje Laksevåg

VASSLEKKASJE: Her hjelper brannvesenet til med å tømme vann frå ein kjellar på Laksevåg.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er ein kjellar som er i ferd med å bli fylla med vatn, og det er fare for at det skal komme vatn inn i ein busrad, sa vaktkommandør ved 110-sentralen, Arne Rikstad til NRK i 15:00 tida i dag.

Mange oppdrag

Dette er det tredje oppdraget brannvesenet i Bergen rykka ut på knytt til nedbørsmengdene så langt i dag. Tidlegare i dag har dei vore i Morvik i Åsane og ved ein bensinstasjon på Laksevåg.

– Dei to andre stadane har det gått fint med. Det er ikkje alle sluker som det er reinska opp i dessverre, og ofte er det grunnen til overfløymingar, seier Rikstad.

Og det skal berre fortsetje å regne ...

Laster Twitter-innhold