NRK Meny
Normal

Intens jakt etter gjerningsmann – kan ha sikra DNA

Politiet er framleis på jakt etter mannen som skal ha utført eit seksuelt overgrep på ei seks år gamal jente. – Det blir jobba intenst med saka, seier politiet.

Overgrep Flaktveit

INGEN ARRESTERTE: Laurdag formiddag står politiet framleis utan arresterte etter at ei seks år gamal jente skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep i Åsane i Bergen. Overgrepet skal ha skjedd på ein tursti ikkje langt unna idrettsanlegget på Flaktveit.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Laurdag føremiddag har politiet framleis ikkje arrestert nokon i saka.

– Det einaste eg kan sei no er at det er sett inn betydelege ressursar og at det blir jobba intenst med saka. Vi vil ta kontakt når det skjer noko nytt, seier jourhavande jurist Janne Ringset Heltne i Hordaland politidistrikt til NRK.

Det var tysdag ettermiddag at ei seks år gamal jente skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep i Hjortlandsvegen i Åsane i Bergen. Jenta var på veg heim frå skulen, då ein mann skal ha forgripe seg på ho.

Heime fortalde ho kva som hadde skjedd, og foreldra tok straks kontakt med politiet.

Kan ha sikra DNA av gjerningsmann

Politiet hadde fredag ettermiddag fått inn over 30 tips i saka, som dei no jobbar med å systematisere. Også Kripos er kopla inn i saka. Dei skal hjelpe med å sikre elektroniske spor og også undersøke det som kan vere eit biologisk spor etter gjerningsmannen.

Ifølge VG skal det dreia seg om eit hår som ikkje høyrer til jenta. Kripos har eit større DNA-register over tidlegare dømde forbrytarar. I jakta på gjerningsmannen undersøker politiet også personar som har utført liknande overgrep tidlegare.

Jenta er elev ved Flaktveit skule. Inntil vidare oppfordrar skuleleiinga om at elevane ikkje må gå åleine til og frå skulen.

Føler seg godt tekne vare på

Måndag skal jenta i avhøyr med politiet. Gjennom sin bistandsadvokat seier familien at dei føler seg godt ivaretekne av politiet.

– Dei forsøker å handtere kvardagen så godt dei kan, seier advokat Bjarte Aarlie til NRK.

Politiet er framleis særs interesserte i tips i saka. Personar som har vore i området Breimyra ungdomsskole – Hjortlandsvegen, tysdag i tidsrommet 15.30 til 17.30 blir bedt om å melde seg.

– Me prøver å kartlegge kven som har vore i området og korleis dei har bevega seg, for det kan hjelpe oss i ei oppklaring i saka, sa politiadvokat Trond Eide til NRK fredag.

Gjerningsmannen blir skildra som ein mann med nordisk utsjånad, og han hadde to hundar i band.

Jenta hadde på seg ei rosa bomullsbukse, ein langarma genser med grå og ferskenfarga striper, rosa joggesko, og kvite og rosa labbar. Ho bar på ein rosa og blå skulesekk med eit mønster av blomster.

Laster kart, vennligst vent...

PÅ SKULEVEGEN: Overgrepet skal ha skjedd like i nærleiken av idrettsanlegget på Flaktveit. Den raude streken syner ruta jenta har gått heim frå Breimyra skule. Politiet ber alle som var i området tysdag ettermiddag om å melda seg.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.