NRK Meny
Normal

Innrømmer å ha tatt livet av ektemannen

Kona til Helge Irgens (61) har i avhøyr innrømt å tatt livet av ektemannen. – Ho drap i affekt, seier forsvararen.

Helge Ove Irgens

SUND: Køyrelærar Helge Ove Irgens (61) blei funnen død heime på Telavåg i Sund 25. juni i fjor. No har kona til Irgens erkjent å ha tatt livet av han.

Foto: BERGENS TIDENDE / HELGE SKODVIN

I juni i fjor blei Helge Irgens (61) funnen død heime på Sotra. I februar i år blei den 30 år gamle kona hans pågripen på Gardermoen, sikta for å ha drepe Irgens.

No har kvinna i avhøyr innrømt å ha tatt livet av ektemannen, skriv VG.

– Ho har erkjent straffskuld for forsettleg drap. Ho vedgår å ha drepe i affekt, seier kvinna sin forsvarar, Jannicke Keller-Fløystad, til NRK.

Keller-Fløystad seier kvinna er letta over å ha kome med sanninga.

– Ho har vore langt nede etter drapet. Det som har skjedd, har vore vondt for ho å bere. Det er ei lette for ho å vedgå straffskuld, seier forsvararen.

Døydde av kullosforgifting

Mistenkelig dødsfall på Sund

BUDDE HER: Helge Ove Irgens (61) blei funnen død på soverommet her i parets bustad på Telavåg i Sund kommune 25. juni i fjor.

Foto: Mette Anthun / NRK

61-åringen blei funnen død på soverommet i paret sin bustad den 25. juni i fjor. Den sikta kvinna varsla om dødsfallet.

Fleire månadar seinare kom det endelege resultatet av obduksjonsrapporten. Analysane synte då at dødsfallet var årsak til av kullosforgiftning og medikament.

– Søkte på nettet etter drapsmetodar

Høyland og Stave på pressekonferanse

Politiadvokat Inger Lise Høyland og lensmann Helge Stave informerte om pågripelsen på ein pressekonferanse i februar i år.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Den 30 år gamle kvinna reiste på ferie til heimlandet Filippinene i desember i fjor. Då ho returnerte til Noreg 17. februar, venta politiet på ho på Gardermoen.

To månader seinare har kvinna altså vedgått drapet.

– Ho har vore i ein sjokktilstand. Så har ho fått tenkt seg grundig om, og opplever det som ei lette å no vedgå drapet, seier Keller-Fløystad.

– Har ho forklart politiet kvifor ho gjorde dette?

– Ja, ho har forklart grundig kva som har vore motivet, seier Keller-Fløystad, som av omsyn til etterforskinga ikkje vil kommentere kva kvinna har forklart.

Ifølgje politiet fekk dei nye opplysningar i saka medan ho var på Filippinene.

Krimtekniske analysar skal vise at ho i tida før Irgens blei funnen død, gjorde ei rekke søk på internett knytt til drapsmetodar og forgifting. Politiet skal meine at desse søka kan knytast direkte til kvinna, ifølgje Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Mistenkelig dødsårsak oppdaget ved en tilfeldighet

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.