NRK Meny
Normal

Inngår mellomaldersamarbeid – vurderer å utvida Bryggens verdsarvstatus

Universitet og kommune opprettar kunnskapsklynge i Bergen. Samarbeidet blir viktig for framtidig byutvikling, seier byråd Anna Elisa Tryti.

Bryggen i Bergen med gjestehavn for båter i forgrunnen.

BRYGGEN: Bryggen i Bergen er på UNESCOs verdsarvliste. No vil kommunen utvida statusen til óg å gjelda Vågsbunnen.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Satsinga er veldig framtidsretta for den byen me skal skapa, seier byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti (Ap).

Tryti er sjølv utdanna innan historie. Ho møtte universitetsrektoren i førre veke for å diskutera vegen vidare for mellomalder-samarbeidet.

– Då eg kom til politikken frå arbeidet som mellomalder-forskar, såg eg kor utruleg viktig den kunnskapen er for å forstå byens lange linjer, og vidare utviklingsmoglegheiter.

Nyttig for mange byprosjekt

Tryti ser allereie mange konkrete prosjekt kor det blir viktig å ta i bruk universitetet sin mellomalder-kompetanse.

– Det kan vera innanfor UNESCO-satsinga, kor me vurderer å utvida Bryggen si verdsarvstatus til Vågsbunnen, og det kan vera kompliserte saker, som planlegginga av bybane over Torget og Bryggen.

Anna Elisa Tryti

Byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti, synest initiativet til universitetet er veldig bra.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Både byråden og rektoren har trua på at kunnskapsklynga vil vera positiv for turismen i byen.

– Dette blir eit kunnskapssenter som vil inspirera alt frå byguidar til Festspillene. Mellomalder-kunnskapen er svært viktig i formidlinga av kva Bergen har vore, og kva Bergen kan bli, seier Tryti.

Møte mellom fagfolk med ulik innfallsvinkel

– Kommunen er svært interessert i dette, blant anna fordi byen har mange mellomalder-element, fortel rektor ved universitetet, Dag Rune Olsen.

Byen Bergen voks fram i mellomalderen, og blei i løpet av seinmellomalderen Nordens største by.

Olsen fortel at det finst mange institusjonar som jobbar med mellomalder i byen, og at han no ønsker tettare samarbeid mellom fagmiljøa.

– Me skal laga møteplassar kor folk som jobbar med mellomalder kan generera nye idear saman. Ved at for eksempel historikarar, litteraturvitarar og muséa går saman, så kan me få til noko heilt nytt og spennande, som me også kan tilby byen.

Mariakirken

Mariakirken og Bryggen er noko av det viser tilbake til byens stordomstid.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Eit løft for mellomalderforsking og -utdanning

Rektoren trur at kunnskapsklynga vil appellera til mange institusjonar og lag i byen, for eksempel historielag. Han fortel at det no er sett ned ei prosjektgruppe, som skal jobba med å etablera kunnskapsklynga.

– Eg håper at kunnskapsklynga vil vera på plass i løpet av året. Dette blir eit løft for mellomalderforsking og -utdanning, seier Olsen.

Rektor Dag Rune Olsen

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er glad for å ha kommunen med på laget i mellomalder-satsinga.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Han får støtte frå dekan ved det humanistiske fakultet, Margareth Hagen, som håper at samarbeidet kan føra til meir praksis for studentane, ved at dei for eksempel kan bli utplasserte på musé.

– Dette vil knytta universitetet tettare til regionen og byen. I tillegg har me eit stort uutnytta potensial når det gjeld å visa fram dei historiske skattane som byen vår er så rik på, seier Hagen.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik